BAdesKen: «Ja, vi elsker dette landet!»

25. februar, kl. 18.30, Edland samfunnshus

No er det duka for ein skikkeleg humorkveld i Edland med Ken André Ottesen!
«Ja, vi elsker dette landet» er eit humorshow du ikkje har sett maken til!
Rare og morosame saker frå lokalavisene rundt om i landet har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale medier. No tek Ken André Ottesen med seg avisutklippa sine og legg ut på ein latterfylt Noregsturné for å fortelje folk om korleis dei og heimstaden deira eigentleg er.
Vil nordlendingane nokon gong lukkast med å banne vekk snøen? Er vestlendingane verkeleg mindre evnerike enn trøndarar? Er sørlendingane meir religiøse enn Jesus? Og er det eigentleg nokon andre som bryr seg om austlendingar enn austlendingane sjølve?
«Ja, vi elsker dette landet» er nyskrive kvar kveld, tilpassar seg geografisk og tek i særleg grad omsyn til innavl hjå publikum.
Men først og fremst viser BAdesKen at Noreg ikkje berre er verdas beste land. Det er òg det mest morosame!
 
Arrangementet er i samarbeid mellom Visit Haukeli, Vinjesenteret og Vest-Telemark Blad, som i år fyller 50 år! Lokalavisa har vore representert på BAdesKen sin Instagram fleire gonger, så me satsar på å få eit gjensyn med nokre morosame, lokale nyhende!
 
Humorkvelden tek plass i Festsalen på Edland skule. Håpar å sjå både fastbuande og hyttebebuarar denne kvelden!

Type:
Humorshow

Tid:
25. februar kl. 18.30

Stad:
Edland samfunnshus

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre