Brynjulf Jung Tjønn // Gard er ikkje redd

15. april, kl. 12.00, Vinjesenteret

Brynjulf Jung Tjønn (1980) er fødd i Sør-Korea, men vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane. I dag bur han i Oslo og arbeider som forlagsredaktør i Samlaget. Han skriv dramatikk og skjønnlitteratur for både vaksne, ungdom og barn. Denne laurdagen kjem han til Vinjesenteret for å snakke om barneboka si Gard er ikkje redd.
 
Gard vil bli med pappa på fjellet. Dei må finne den siste sauen og lammet. For i skogen lurar reven. Førre gong Gard og pappa gjekk i skogen, hadde reven tatt eit lam. Heldigvis har Gard laga ei børse av tre. No skal ikkje reven føle seg trygg!
 
Men mamma har andre planer for Gard. Ho vil at han skal leike med ei jente som er fødd i det same landet som han. Gard blir sint. Kvifor skal han leike med ei lita jente? Berre fordi dei ser like ut? Gard spring mot skogen. Og skogen er mørk og skummel.
 
Gard er ikkje redd  handlar om eit barns ynskje om å bli sett for det barnet er og ikkje for det vaksne trur det er.
 
Arrangementet er eit ledd i «små forteljingar», eit samarbeid med Vinje folkebibliotek, Vinje mållag og Vinje folkeakademi. Tjønn er på ein miniturné i Vest-Telemark 14.- og 15. april, der han etter besøket på Vinjesenteret vitjar Vinje folkebibliotek laurdag 15.april kl. 15.00 for å snakke om lyrikkboka Kvit, norsk mann.
 
Velkomen!

Type:
Barnearrangement

Tid:
15. april kl. 12.00

Stad:
Vinjesenteret