Familiedag på Vinjesenteret

16. september, kl. 12.00, Vinjesenteret

Velkomen til familiedag på Vinjesenteret! 

Laurdag 16. september frå kl. 12.00 til 16.00 inviterer Vinjesenteret til familiedag med konsert, forfattarbesøk og fleire morosame aktivitetar. 

PROGRAM 

12.00: Dørene opnar
13.00: Forfattar Sigmund Løvåsen les frå diktsamlinga Tusen elgar i garasjen
14.00: Konsert med Naboen min 

SIGMUND LØVÅSEN OG TUSEN ELGAR I GARASJEN
Sigmund Løvåsen har skrive ei sprudlande diktsamling for barn og vaksne i alle aldrar. Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spør småla du kanskje får svar på. I Fantasihagen som de finn utanfor Vinjesenteret har barn frå Vinje illustrert dikt frå samlinga til Løvåsen.

Forfattarbesøket er eit ledd i «små forteljingar», eit samarbeid mellom Vinjesenteret, Vinje folkebibliotek, Vinje folkeakademi og Vinje mållag.

NABOEN MIN
Naboen min er ein barnemusikkduo frå Vestlandet som vann Spellemannprisen i 2018. Forfattar Vegard Markus og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. I tekstane finn ein både humor og alvor. Du får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om du vil lære deg nokre gloser på romvesensk, er du komen rett stad. Naboen min har òg skrive to songar for Vinjesenteret sin maskot, Lurivar, «29 bokstavar» og «Korleis du dansar».

Type:
Familiedag

Tid:
16. september, kl. 12.00

Stad:
Vinjesenteret