Folkemusikk som motkultur

24. august, kl. 17.30, Raulandsakademiet

Velkomen til festival!

Offisiell festivalopning
Festivalen opnar med tale og spel. Folkemusikken tek ulik form, og musikar Odd Nordstoga og felespelar Benedicte Maurseth set tonane for kvelden ved å spele kvar sin song.

Myllarguten og folkemusikken
Kva kan seiast om folkemusikken som motkultur? Annfrid Berget Haukeland og filolog Kristian Ihle Hanto møtest til ei samtale med utgangspunkt i biografien Haukeland har skrive om tipp-tippoldefar sin, Myllarguten – livet, legenden, medspillerne (2022). Myllarguten blei ei nasjonal legende på hardingfele. Kven var Myllarguten, og korleis kunne ein fattiggut på 1800-talet slå seg opp som dåtidas største hardingfelespelar?

Ulike perspektiv på folkemusikken
Kulturhistorikar, redaktør og langeleikspelar Knut Aastad Bråten leiar samtala mellom Helga Flatland og Benedicte Maurseth. Maurseth har skrive boka Systerspel (2022), som handlar om gløymde kvinnelege felespelarar frå 1700-talet og til i dag. Der har ho har leita fram kvinnene, og dei er fleire enn me trur. Forfattar Helga Flatland har i sin roman Etterklang (2022) skrive om felespel med eit meir negativt forteikn, ved å skildre korleis familien og tradisjonen blir ei tvangstrøye. Forfattarane snakkar om bøkene sine, om tradisjonar på godt og vondt, møtet mellom by og bygd, og om forventingar og verkelegheit.

Velkomen!

Type:
Festival

Tid:
24. august, kl. 17.30

Stad:
Raulandsakademiet