Frå Høge himmel

10. desember, kl. 18.30, Vinjar

Andreas Ulvo, Åshild Vetrhus og Morten Barrikmo. Foto: Elisabeth Bjørkhaug
Laurdag 10.desember kjem trioen Frå høge himmel til Vinjar! Her får du høyre tradisjonelle jolesalmar frå Rogaland i ny drakt.
 
Trioen består av Åshild Vetrhus (1978), folkesongar frå Suldal i Rogaland, kanskje mest kjend frå folkemusikktrioen Tindra, Morten Barrikmo (1979), klarinettist frå Kongsberg og Andreas Ulvo (1983), pianist, keybordist og komponist frå Eidsskog. Alle er utdanna ved Norges musikkhøgskole.
 
Kom til Vinjar for ein kveld der jolefreden kan senke seg, ein kveld med pause frå gåvemas og glitterstas, der jolesalmane du kjenner til – og kanskje nokon du hadde gløymt – blir framført på nytt og vakkert vis.
 
Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje og Nesland sokneråd.

Type:
Konsert

Tid:
10. desember, kl. 18.30

Stad:
Vinjar

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre