Tarjei Vesaas i lyd, skrift og bilete
Her blir det lydpremiere på Hesten frå Hogget. Dette er ei novelle av Tarjei Vesaas om to tenåringsgutar og ein hest i eit vinterlandskap. Tarjei sjølv les (eit NRK arkivopptak frå 1954), og Øystein Vesaas (f. 1963) seier han har drista seg til å legge til nokre lydar av snø, og av granskog, rundt i kring. Øystein er barnebarnet til Tarjei og Halldis og driv eit lydstudio på Jeløya. Øystein og Litteraturdagane ynskjer velkomen til premiere!
Det blir vising av kortfilmen Det rare av René Bjerke etter novella til Tarjei. Skodespelerane i filmen er Odd Nordstoga, Guri Tuvin, Herborg Kråkevik og Øyvor Bakke.
I tillegg vil det bli høgtlesing av dikt og andre tekstar av Tarjei, lesne av Hildegunn Riise (f. 1958) og Astrid Versto (f. 1953).
Frode Grytten Beat Band
Gjennom dei siste ti åra har Frode Grytten Beat Band lyst opp den norske beatpoesi-himmelen med nytolkingar av låtar frå artistar som Bruce Springsteen, Tom Waits, Talking Heads med fleire. Ved å kombinere poesi og litteratur med ei sjeldan musikkglede og intens formidling, treff Frode Grytten Beat Band ein heilt spesiell nerve, der musikk blir blanda med anekdotar, dikt, forteljingar og minne. Frode Grytten Beat Band er blitt omtala som ein poetisk og musikalsk eksplosjon på scena.
Bandet kjem til festivalen med Annlaug Børsheim (song, fele og gitar), Tommy Haltbakk (song og gitar), Lars Hammersland (piano) og frontfigur Frode Grytten (røyst).