Motmakt

26. august, kl. 13.00, Vinjar

Velkomen til Litteraturdagane, dagprogram laurdag på Vinjar!
 
Motmakt i dikt
Poet og produsent Odveig Klyve publiserte diktet Skjelv du på handa, Vladimir? 14. mars 2022, som spreidde seg raskt til heile verda via sosiale medium. Diktet er no omsett til over 80 språk og dialektar. I biblioteket på Vinjesenteret kan du heile laurdag 26. august lese nokre av desse omsetjingane, og sjå ein film med same diktet, med lydverk av Nils Petter Molvær.
 
Vesaasføredraget
Professor i Litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø, Lisbeth Pettersen Wærp, held årets Vesaasføredrag. Wærp har jobba mykje med Tarjei Vesaas’ forfattarskap og blant anna gitt ut boka Engasjement og eksperiment (2009) om romanane Huset i mørket, Signalet og Brannen. Alle dei store krigane på 1900-talet gjorde sterke og uutslettelege inntrykk på Tarjei Vesaas. Med Russlands angrep på Ukraina har me fått ein krig som skjer faretrugande nær oss og gjer Vesaas’ krigsrelaterte verk aktuelle. Men kva kan me lese ut av desse verka?
 
Vesaas» debutantpris
Vesaas» debutantpris 2022 gjekk til norsk-kvenske M. Seppola Simonsen for lyrikkboka Hjerteskog. Boka er ei samling av kvenske dikt og handlar om identitet, tilhøyrsle og det å utforske kva det er å vere kvensk i dag. Vising av eit videointervju der M. Seppola Simonsen møtte innhaldsprodusent i Samlaget, Line Omland Eilevstjønn til samtale i Oslo i juni 2023.
 

Motmakt
Anders Totland og Petra Helgesen skal samtale om ein del av den mørke historia – om norsk sjørøvar- og kaprarhistorie. Sjørøvarane, både langs norskekysten og elles, har vore fiendar av makta der dei har herja, men dei har òg vore viktige allierte for andre maktutøvarar. Kongar og dronningar brukte sjørøvarar til å fremje si eiga sak, samtidig som fleire sentrale sjørøvarar i norsk historie sjølve har vore viktige maktpersonar. Totland og Helgesen vil også samtale om ungdomslesaren. Er ungdom definisjonen på motkultur? Totland har skrive fleire ungdomsbøker og Helgesen har arbeidd med både Uprisen og Ungdommens kritikerpris.

Velkomen!

Type:
Festival

Tid:
26. august, kl. 13.00

Stad:
Vinjar