Øystein Djupedal - Demokrati og menneskerettar blir truga

21.februar, kl. 19.00, Vinjesenteret

Tysdag 21.februar kjem Øystein Djupedal til Vinjesenteret for å snakke om demokrati og menneskerettar.
Djupedal er styreleiar i Falstadsenteret, som blei etablert i august 2000. Falstadsenteret er eit nasjonalt opplærings- og dokumentasjonssenter for fangehistorie frå krigen, humanitær folkerett og menneskerettar. Han har vore stortingsrepresentant, tidlegare fylkesmann i Aust-Agder og kunnskapsminister under Stoltenbergregjeringa. Han har spelt ei sentral rolle i den årlege Arendalsveka.
 
Alt det som skjer i Europa påverkar oss. Kva kan me gjera for å styrke det liberale demokratiet og dei verdiane me trur på?
 
Arrangementet er eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Folkeakademiet i Vinje.
 
Det blir enkel servering. Velkomen!

Type:
Føredrag

Tid:
21. februar kl. 19.00

Stad:
Vinjesenteret