I slutten av bursdagsmånaden til Aasmund Olavsson Vinje, torsdag 27. april, kjem bandet Perleskum til Vinjar med leiken musikk til Vinje sine evigunge ord!
I Perleskum står felespelar og komponist Jorun Marie Kvernberg i front. Den friske og leikande folkesongen til Unni Boksasp leier an, medan tubavirtuosen Lars Andreas Haug tek seg av både botn og nye høgder. Pianist Dag-Filip Roaldsnes loddar djupet på svarte og kvite, og Jorun Marie Kvernberg jagar opp og fram med boge og streng.
I eit mangekolorert krysningsfelt mellom folkemusikk, vise og jazz leikar Perleskum seg med Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) sine dikt. I eit fantasifullt tonespråk gir kvartetten ny forståing av dei gamle orda om kjærleik, lengt og frustrasjon, om kunsten, sorga og gleda. Jorun Marie Kvernberg sine komposisjonar har i seg ei reise frå det tradisjonelle og inn i samtida. Landskapet er forfriskande og utøvarane frå folkemusikken og jazzen smeltar overraskande naturleg i hop i ein miks der dei alle likevel er seg sjølve fullt ut.
Oppvarming ved kvedartrio frå Vinje kulturskule.
Velkomen til ein festkveld på Vinjar, vegg i vegg med Vinjesenteret!