Prisutdeling, føredrag og konsertførestilling

26. august, kl. 18.00, Storeguthallen i Edland

Velkomen til Litteraturdagane, kveldsprogram laurdag i Edland!


 
Storegutprisen
– Velkomen til høgtideleg festkveld i Edland med utdeling av Storegutprisen. I år går prisen til Fjord1 og serveringsselskapet Ferdamat, som blir heidra for bruken deira av nynorsk i all marknadsføring og informasjon, både til publikum og elles i næringsdrifta. Denne kvelden blir det også lansering av broderiprosjektet Vinjerevla, som tek utgangspunkt i Storegut. Dette er eit samarbeid med Vinje handverkslag.
 
Krigsmotstand i Vinje
– Kampane i Vinjesvingen, i gåavstand frå Vinjesenteret, var av stor symbolsk tyding og gav styrke under den tyske okkupasjonen. Olav Aalandslid vil snakke om kampane som fann stad i Vinje og Tokke i april og mai 1940. Han vil halde biletframvising og gje ein solid gjennomgang av mykje av det som skjedde denne månaden med Secondløitnant Thor O. Hannevig som regimentsjef.
 
Systerspel
– Konsertframsyninga Systerspel, med og av folkesongar og musikar Benedicte Maurseth, byggjer på boka med same namn frå 2022. Boka tek føre seg spelekvinner som spela fele frå 1700-talet og fram til i dag. Ho tek opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og blei borte, for så å kome attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny. Førestillinga legg mellom anna stor tyngd på spelekvinnene Kristiane Lund frå Bø, og endå meir på Signe Flatin Neset og Torbjørg Aas Gravalid frå Seljord og Kviteseid.
Velkomen!

Type:
Festival

Tid:
26. august, kl. 18.00

Stad:
Storeguthallen i Edland