Seljesong // Torhild Ostad og Silje Hegg

14. april, kl. 19.00, Vinjesenteret

Vokalist Torhild Ostad og fløytist Silje Hegg har kjend kvarandre i 25 år, og dei har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag. Ostad og Hegg held konsertar for dei små rom, der det solistiske uttrykket står i sentrum. Ei stemme og ei fløyte, akustisk, nært og varmande. Repertoaret spenner frå religiøse folketonar og Torhilds nyskrivne tekstar og melodiar, til tradisjonelle visetonar og slåttar på seljefløyte og sjøfløyte.

Silje Hegg:
Fødd i 1976 og frå Vinje. Ho har vunne Landskappleiken fleire gonger på seljefløyte. Seinast i 2014, då ho stilte for fyrste gong på 11 år, og vann suverent.
 
Torhild Ostad:
Fødd i 1969 og oppvakse i Eidsvåg i Romsdal. Songar, komponist, tekstforfattar, biletkunstnar.
 
Arrangementet er eit samarbeid med Vinje folkeakademi og Sørnorsk folkemusikksenter.
 
Velkomen!

Type:
Konsert

Tid:
14. april kl. 19.00

Stad:
Vinjesenteret