Sundag: barneprogram

28. august, kl. 12.30, Vinjesenteret

Bilete av boka Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal
Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal / Samlaget

Høgtlesing: Pølsetjuven
Denne søndagen blir det høgtlesing av boka Pølsetjuven som er skriven av Marianne Gretteberg Engedal. Det er tilsette ved Vinjesenteret som les frå boka. Gretteberg sjølv kunne diverre ikkje kome, vi beklagar dette.

Boka handlar om ni år gamle Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie, men som ikkje vil vera tjuv slik som dei andre i familien er. Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er, og om å tore å leve slik ein ynskjer.

Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og barnebokforfattar frå Hallingdal. Pølsetjuven er den fyrste boka hennar, og med den vann ho både Kulturdepartementet sin biletbokpris og Nynorsk barnelitteraturpris i 2019.

Type:
Barneprogram

Tid:
28. august, kl. 12.30

Stad:
Vinjesenteret

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre