TikTok, algoritmar og konspirasjonsteoriar

27. september, kl. 18.30, Vinjesenteret

Foto: Tenk.

Korleis vere kjeldekritisk i dag?
Oda Marie Skancke jobbar i skuleavdelinga til faktasjekkartenesta, Faktisk.no. Avdelinga heiter Tenk og jobbar for å styrke norske barn og ungdoms kjeldekritiske kompetanse gjennom ressursar, workshops og føredrag. Tysdag 27.september skal Oda halde føredrag om kva som rører seg i feeden vår og korleis me må vere kjeldekritiske i dag.

Arrangementet er gratis og ope for alle, men er særleg retta mot vaksne og foreldre.

Les meir om arbeidet til Oda og Tenk. her.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tenk. og Vinjesenteret.

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre