Bli frivillig
– Frivillige har kvart år gjort ein stor innsats for Litteraturdagane i Vinje. Festivalen er heilt avhengig av den gode hjelpa frå lokale krefter, seier vertskaps- og programansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland.
Kvart år er om lag førti personar med på å gjere Litteraturdagane til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Me ynskjer at du som frivillig får gode opplevingar i godt fellesskap. Dei som er frivillige får fribillettar til arrangement og t-skjorte.
Me treng mellom anna:
- Billettvakter
- Servering
- Teknisk medhjelpar
- Parkeringsvakt
- Opp- og nedrigg
- Sjåførar/transport
- Pynting
- Rydding
- Vertskap
Ynskjer du å bli frivillig på Litteraturdagane kan du sende ein e-post til post@nynorsk.no. Skriv gjerne kva du ynskjer å bidrage med.
Praktisk informasjon
Arena og parkering
Vinjesenteret/Vinjar
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje
Edland
Storegutvegen 50, 3895 Edland
Transport
Vinje kommune ligg i Vest-Telemark i Vestfold og Telemark fylke. Følg E134 frå Bergen eller Oslo. Frå Oslo er avstanden ca 210 km. Frå Bergen ca 265 km.
Haukeliekspressen (Linje NW180) med Nor-way bussekspress har dagleg avgang frå Oslo og Bergen til Vinje kro i Åmot.
Telemarkekspressen (Linje NW 182) med Nor-way bussekspress har daglege avgangar frå Sandefjord, Skien, Porsgrunn til Seljord. Haukeliekspressen eller lokalbuss frå Seljord til Åmot Vinje kro.
Lokalbussar i Vest-Telemark frå Åmot Vinje kro – Rauland m.m.
Festivalen oppmodar alle utøvarane og gjestene sine om å reise grønt og miljøvennleg, så sant det er mogeleg.
Rutefly til Oslo lufthavn Gardermoen dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.
Rutefly til Torp lufthavn Sandefjord dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.
Overnatting og mat
På Rauland fins det ei rekkje overnattingsstader, frå Raulandsakademiet til hotell og hyttegrender. På visitrauland.no finn de ei rekkje av alternativa i Rauland. Rauland ligg om lag 17 minutt med bil frå Åmot.
Groven Camping i Åmot
Haukeli Hotell i Haukeli (om lag 36 minutt med bil frå Åmot til Haukeli/Edland)
Mjonøy camping i Vinje (om lag 15 minutt frå Åmot)
Bjaaland bygderestaurant står for matserveringa under Litteraturdagane 2024.
Her finn du arrangøren
Kontakt Litteraturdagane
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.
Post- og besøksadresse
Kontaktinformasjon
Ingebjørg Nestestog Edland
40 43 52 78
ingebjorg.nestestog.edland@nynorsk.no