På haustprogrammet står tre markante forfattarar: Randi Fuglehaug, Tore Renberg og Oddgeir Bruaset. Dei kjem med historier som rører, underheld og gjer inntrykk. Alle arrangementa er gratis og opne for alle.
Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit prosjekt der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen organiserer arrangement i samarbeid med biblioteka i Møre og Romsdal, med støtte frå fylket, kommunane, Human-etisk forbund, Fritt Ord og Kulturrådet.
Sjå haustprogrammet for Litteraturhus