Diktkonkurranse

– verdas poesidag 21. mars

MUSEA VÅRE

NYTT FRÅ NYNORSK KULTURSENTRUM

​​Vikariat som vertskapsansvarleg ved Haugesenteret ​ 

Er du glad i å møta nye menneske og få gjestar til å kjenna seg velkomne? Vil du vera med å leggja til rette for gode kulturopplevingar for eit variert publikum? Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur har ledig vikariat (80%) som vertskapsansvarleg ved Haugesenteret i Ulvik frå 1. mai til 31. august (med mogleg forlenging).

Les meir
Bilde av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas

Er du vår nye omvisar i diktarheimen Midtbø?

Sumaren 2025 vil Vinjesenteret tilby omvisingar i diktarheimen Midtbø som ein del av formidlingstilboda frå Vinjesenteret. Midtbø var heimen til ekteparet og forfattarane Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.   

Les meir
Logo Litteraturhus i møre og romsdal

Vårprogrammet 2025

Møt Margreth Olin, Marit Eikemo og Maria Lavik på turne med Litteraturhus i Møre og Romsdal i vår.

Litteraturhus i Møre og Romsdal er eit prosjekt der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen organiserer arrangement i samarbeid med biblioteka i Møre og Romsdal, med støtte frå fylket, kommunane, Human-etisk forbund, Fritt Ord og Kulturrådet.

Frå venstre: Marit Eikemo, Margreth Olin og Maria Lavik. Foto: Agnete Brun, Tove K.Breistein.

Museumsbutikken

På Handlenett.no kan du kjøpe gåver og bøker til deg og dine.

Ivar Aasen-boksar
frå kr 169,-

Bokstøtte A.O. Vinje i metallkr 229,-

Turkopp Hauge
kr 269,-