100-årsmarkering av Fyrebilsbibelen i Trondheim

Frå utstillinga Bibelen. Éi bok. Mange språk.

Helga 24.–25. juli er det orgelmeditasjon og høgmesse i Nidaros domkyrkje. I tillegg blir det samtale om Fyrebilsbibelen og kyrkjekaffi i Vår Frue kyrkje.

I år er det 100 år sidan den første heile bibelen kom ut på norsk. Utgåva blei skriven på landsmål (på nynorsk) og er omtalt som Fyrebilsbibelen. Arbeidet med omsetjinga blei leia av Studentmållaget i Oslo. Fyrebilsbibelen fekk tilnamnet sitt fordi omsetjinga var meint å vere førebels, men omsetjinga fekk eit langt liv med eit opplag på 100 000 og har vore viktig for mange forfattarar lenge etter at det kom nyare omsetjingar til nynorsk. Å få på plass ein norsk bibel, endåtil nynorsk, var ei storhending i samtida og ein viktig milepåle i arbeidet for å gjere nynorsk til eit samfunnsberande språk.

I anledning at det er 100 år sidan utgivinga, har Nynorsk kultursentrum markert jubileet med ulike arrangement i 2021. Les meir her.

– Fyrebilsbibelen blei først teken i bruk i Nidarosdomen. Vi er glade for at Nidaros domkirkes menighet, Bibelselskapet og fleire samarbeidspartnarar ikkje nølte med å bli med på markeringa av jubileet, seier Gaute Øvereng, fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum.

Helga 24.–25. juli inviterer Nynorsk kultursentrum, Nidaros domkirkes menighet, Litteraturhuset i Trondheim, Bibelselskapet og Nidaros Mållag til orgelmeditasjon og høgmesse i Nidaros domkyrkje, i tillegg til kyrkjekaffi i Vår Frue kyrkje med samtale om Fyrebilsbibelen. Sjå utfyllande program nedanfor.

24. juli

Kl. 13.30    Orgelmeditasjon i Nidaros domkyrkje
Orgelmeditasjon med kort gudsteneste og ein liten orgelkonsert. Dagens tekst blir lesen frå omsetjinga i Fyrebilsbibelen frå 1921.

Det er domkantor Magne Harry Draagen som trakterer orgelet. Domprost Ragnhild Jepsen medverkar.
Orgelmeditasjonen er gratis og open for alle. Med omsyn til smittevern oppmodar vi om å reservere plass på førehand. Plassbillettar blir lagt ut på nettet nokre dagar før.

Ting billett her

25. juli

Kl. 11.00    Høgmesse i Nidaros domkyrkje med 100-årsmarkering av Fyrebilsbibelen 
Domprost Ragnhild Jepsen leiar gudstenesta og er predikant. Med seg har ho songarar frå Trondheim Vokalensemble. Generalsekretær i Bibelselskapet, Paul Erik Wirgenes, tek del med ei helsing. Bibeltekstane for dagen blir lesne frå  Fyrebilsbibelen frå 1921. Liturgien og salmane er på nynorsk. Domkantor Magne Harry Draagen spelar. Det blir framføring av ein eigen salme med tekst frå Salme 8 i omsetjing frå Fyrebilsbibelen og med musikk av Knut Anders Vestad. Salmen er eit bestillingsverk frå Nynorsk kultursentrum til jubileet.

Høgmessa er gratis og open for alle. Med omsyn til smittevern oppmodar vi om å reservere plass på førehand. Plassbillettar blir lagt ut på nettet nokre dagar før.

Ting billett her

Kl. 13.00    Kyrkjekaffi i Vår Frue kyrkje med samtale om Fyrebilsbibelen
Samtale med professorane Per Halse og Anders Aschim og generalsekretær Paul Erik Wirgenes i Bibelselskapet. Samtalen blir leia av domprost Ragnhild Jepsen.

For 100 år sidan gav Studentmållaget i Oslo ut den første heile bibelomsetjinga på landsmål. Kva er historikken til dette arbeidet? Korleis er det å omsetje heilage tekstar, og korleis påverkar Bibelen språket i dag? I denne samtalen møter du fleire som har inngåande kjennskap til bibelomsetjing i Noreg både før og no.

Det blir servering av kaffi, te og noko godt attåt.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, Nidaros domkirkes menighet, Litteraturhuset i Trondheim, Bibelselskapet og Nidaros Mållag.