Nytt frå Vinjesenteret

​​Litteraturdagane med motkultur på programmet​

I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse.

– Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.

Les meir
Bilete av Perleskum

Persleskum-konsert med skråblikk på A. O. Vinje 

27. april fyller ensemblet Perleskum Vinjar med fengjande og smektande feler, tuba, piano og folkesong. Initiativtakar til dette musikalske samarbeidet er felespelar, folkemusikar og komponist Jorun Marie Kvernberg, og med seg på scenen har ho folkesongar Unni Boksasp, tubaist Lars Andreas Haug og pianist Dag-Filip Roaldsnes.

Les meir