Arrangement Haugesenteret

Oversikt over arrangement i regi av Haugesenteret, inkludert arrangement i samband med Poesifestivalen. Sjå Opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.

Fleire arrangement kjem til hausten

21. mars
kl. 19.00
LEKVE GARD

I føredraget Poet på Guds jord vil Cecilie N. Seiness, Jon Fosse sin redaktør i Samlaget, leggja særleg vekt på den poetiske delen av Fosse sin forfattarskap.

Les meir om arrangementet

25., 26. og 27. mars
kl. 12.00
HAUGESENTERET

Det vert tre lesestunder ved Haugesenteret i påsken. Formidlar Anja les ei god historie måndag, tysdag og onsdag kl. 12.00. 

Les meir om arrangementet

POESIFESTIVALEN 2024

13. september
kl. 22.00
KONGRESSEN

Ei musikalsk hylling av den store songlyrikaren Joni Mitchell med gjendiktingar av Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland. 

Les meir om arrangementet

14. september
kl. 22.00
KONGRESSEN

Stein Torleif Bjella er musikaren og rimsmeden frå Hallingdal som skildrar Bygde-Noreg med melankoli og humor. Bjella skriv om det håplause, om det å feila, om eit sinn som er svartare enn svart. Livet vert ikkje betre, det er berre den gamle månen der oppe, nymåne eller ei. 

Les meir om arrangementet