Litteraturdagane 2023
24.–27. august
I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse. – Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.
Motkultur er eit viktig tema for Vinjesenteret.
– Dei motkulturelle kreftene i det norske samfunnet har vore ein viktig del av norsk demokrati sidan starten av 1800-talet. Den nynorske målrørsla er ei av dei eldste motkulturelle rørslene i Noreg som framleis held koken, seier Helgesen. Ho peikar vidare på at Vinjesenteret skal ta vare på arven frå A. O. Vinje, som var ein motkulturell kraft i si tid.
– Han var aldri redd for å motseie makthavarane eller kritisere dei dominerande kulturelle strøymingane, fortel ho.
Litterær og journalistisk motkultur
I år inviterer Litteraturdagane til festivalstart torsdag ettermiddag med eit spennande program på Raulandsakademiet. Programmet skal ta for seg folkemusikken som motkultur, og er eit samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge.
Fredag blir festivaldeltakarane invitert til Vinjesenteret og Vinjar, til eit program der forteljingane er i fokus. Korleis gjev nynorske lokalaviser rom for forteljingane? Her samarbeider Litteraturdagane med Vest-Telemark blad, lokalavisa som har 50-årsjubileum i 2023. Fredagen vil også innehalde eit heimlengt-tema, der ulike journalistar og forfattarar skal samtale om å flytte ut i distrikta som ein del av ein motkultur.
Laurdag er det festivalprogram i Vinjar på dagen og i Edland på kvelden. Programmet har fokus på motmakt og motstand, både i distriktsopprør og anna konflikt.
Dei fyrste Litteraturdagane blei arrangert i oktober 2001, etter initiativ frå bygdefolk i Edland med Ragnvald Christenson i spissen. Litteraturdagane var då eit samarbeidstiltak mellom Sullamrei Historielag, Haukeli Husflidslag, Vinje Mållag, Telemark Mållag, Vinje kommune og Telemark Fylkeskommune. Festivalen fekk etterkvart eit eige styre og mange dugnadstimar har blitt lagt ned.
Utdeling av Storegutprisen blei ein del av festivalen i 2002, dette også etter initiativ frå Christenson. Prisen blir delt ut til den som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.
I 2017 blei det gjort avtale mellom medlemslaget i Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum om at Nynorsk kultursentrum og Vinjesenteret skulle overta og vidareutvikle Litteraturdagane i samarbeid med medlemslaget.
Litteraturdagane er, slik dei starta, ein liten festival med fokus på litteratur med innslag av annan kultur og enkel, lokal matservering. Festivalen har tradisjonelt vore på ulike arenaer i kommunen. Dette vil ein freiste å halde fram med, men med det nye Vinjesenteret på plass og Nynorsk kultursentrum som arrangør er det naturleg at festivalen moglegvis vil finne ei litt annleis form, samtidig som me ynskjer å halde på det intime og lokale.
Bli frivillig
– Frivillige har kvart år gjort ein stor innsats for Litteraturdagane i Vinje. Festivalen er heilt avhengig av den gode hjelpa frå lokale krefter, seier dagleg leiar Petra Helgesen.
Kvart år er om lag førti personar med på å gjere Litteraturdagane til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Me ynskjer at du som frivillig får gode opplevingar i godt fellesskap. Dei som er frivillige får fribillettar til arrangement og t-skjorte.
Me treng mellom anna:
- Billettvakter
- Servering
- Teknisk medhjelpar
- Parkeringsvakt
- Opp- og nedrigg
- Sjåførar/transport
- Pynting
- Rydding
- Vertskap
Ynskjer du å bli frivillig på Litteraturdagane kan du sende ein e-post til post@nynorsk.no. Skriv gjerne kva du ynskjer å bidrage med.
Praktisk informasjon
Arena og parkering
Vinjesenteret/Vinjar
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje
Edland
Storegutvegen 50, 3895 Edland
Transport
Vinje kommune ligg i Vest-Telemark i Vestfold og Telemark fylke. Følg E134 frå Bergen eller Oslo. Frå Oslo er avstanden ca 210 km. Frå Bergen ca 265 km.
Haukeliekspressen (Linje NW180) med Nor-way bussekspress har dagleg avgang frå Oslo og Bergen til Vinje kro i Åmot.
Telemarkekspressen (Linje NW 182) med Nor-way bussekspress har daglege avgangar frå Sandefjord, Skien, Porsgrunn til Seljord. Haukeliekspressen eller lokalbuss frå Seljord til Åmot Vinje kro.
Lokalbussar i Vest-Telemark frå Åmot Vinje kro – Rauland m.m.
Festivalen oppmodar alle utøvarane og gjestene sine om å reise grønt og miljøvennleg, så sant det er mogeleg.
Rutefly til Oslo lufthavn Gardermoen dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.
Rutefly til Torp lufthavn Sandefjord dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.
Overnatting og mat
På Rauland fins det ei rekkje overnattingsstader, frå Raulandsakademiet til hotell og hyttegrender. På visittelemark.no finn de ei rekkje av alternativa i Rauland. Rauland ligg om lag 25 minutt med bil frå Åmot.
Groven Camping i Åmot
Haukeli Hotel i Haukeli (om lag 36 minutt med bil frå Åmot til Haukeli/Edland)
Mjonøy camping i Vinje (om lag 15 minutt frå Åmot)
Her finn du arrangøren
Kontakt Litteraturdagane
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.