Haugesenteret

Opningstider

Opningstider i desember:
Tysdag-fredag kl. 10.00-15.00 til og med vesle jolafta 23. desember.

Museet held stengd i romjola.

2. oktober–6. mai
Tysdag–fredag: kl. 10.00–15.00
Laurdag–måndag: stengt

7. mai – 30. september
Tysdag–fredag                 kl. 10.00-15.30
Laurdag og søndag          kl. 11.00-16.00
Måndag, stengt

Daglege (utanom måndag) omvisingar kl. 13.00  i utstillinga frå 5. juli tom. 7 august: Omvisinga tek om lag 30 min.

Me tek imot mindre grupper utanom opningstid etter avtale. 

Haugesenteret

Prisar

Vaksen
kr 100
kr 100
Rabattpris
kr 70

Mållaget, Venelaget Vinje, Venelaget Hauge, tilsette/medlemmar i stiftarinstitusjonane

kr 70
Barn/student
Gratis
Gratis
Sommarpass
kr 50
kr 50

Omvising i utstillinga kl. 10.30 mot førehandstinging i perioden 18.mai-27.juni og 16.august-30.september.

Det er råd å tinge omvising for grupper. Minimum 5 personar til 150 kr per person. Ved omvising utanom opningstid kjem eit omvisargebyr på kr 1500 i tillegg.

Skular og barnehagar med formidlingsopplegg frå 2020
Fri inngang 

Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.

Grupper må ta kontakt på førehand på telefon 56 52 70 70

Butikken

I museumsbutikken finn du alt frå lyrikkbøker og nynorske barnebøker til Hauge-turkopp, magnetpoesi, handlenett og lokale handverksprodukt. Mange av artiklane i butikken er utvikla av Haugesenteret sjølv, noko som gir eit særeige og unikt utval. Artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no – sjå peikar under.

Butikken følgjer museet sine opningstider, i tillegg held den ope i samband med alle arrangement i senteret. 

Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken. 

Museumsbutikken. Foto: Ingvild Skeie Ljones

Rossvoll

Bilete av Rossvoll
Rossvoll. Foto Tove Kolås

Fruktgard og heim etter Olav H. Hauge. Eigaren av Rossvoll tek imot besøk både av grupper og enkeltpersonar etter avtale. Her kjem du til garden der lyrikar og gartnar Olav H. Hauge vaks opp og budde heile livet. 

Omvisinga tek omlag 1 time. Pris 200 kr per person.

Kontaktinfo: Stein Olav Hauge Kolås 95 70 08 49, Tove Kolås 95 10 49 55

www.gartnar.no

Tilgjenge og universell utforming

Her finn du oss

Ulvik ligg inst i Hardangerfjorden i Vestland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.

Parkering, tilkomst og inngang

  • Parkeringsplassen ligg rett ved Haugesenteret. Det er 50 meter å gå frå parkeringa til senteret. Personar med behov for dette kan parkere på tilviste parkeringsplassar rett utanfor Haugesenteret.
  • Inngangen er lyssett og det er terskelfri inngang. Det er heis ved inngangen opp til resepsjonen.
  • Det er mogleg å reise til Ulvik og Haugesenteret med kollektivtrafikk. Det går buss frå Voss og Granvin. Det er mogleg å kombinere med buss eller tog frå Odda, Eidfjord, Bergen eller Oslo. Sjå Skyss. Nærmaste haldeplass er Ulvik hotell. Det er 185 meter å gå frå haldeplassen til Haugesenteret. Frå haldeplassen Ulvik sentrum er det 350 meter å gå.
  • Det er sykkelstativ, og det er plass til store syklar (til dømes trehjulssyklar) på utsida av Haugesenteret. Sykkelparkeringa ligg rett ved terskelfri inngang.
  • Visst du kjem med hurtigbåten på Hardangerfjorden stoppar båten rett på nedsida av Haugesenteret. Gå rundt bygget, og du kjem inn i utstillinga. Det er ca. 50 meter å gå.

Billettsal

Billettsalet er i betent resepsjon. For arrangement kan ein kjøpe billettar på førehand, på denne heimesida, eller på appen e-billett. Ver obs på at billettar for følgjekort (også kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov) må bestillast på e-post eller telefon.

Følgjekort (ofte kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov)

Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på post@nynorsk.no eller telefon 56 52 70 70.

Toalett

Toalettet vårt ligg i andre høgda, er tilgjengeleg med heis og er eit hc-toalett med stellebord.

Tilrettelegging for personar med nedsett rørsleevne (bevegelsesevne)

Det er lagt til rette med ramper for rullestol- og rullatorbrukarar der det er behov. I utstillinga er det heller ingen golvlister til hinder. Alle etasjar er tilgjengelege med heis. Utstillinga er lagd slik at alt skal vere tilgjengeleg frå rullestol-høgd.

Det er stolar og andre sitjemøbel i alle rom i utstillinga, bortsett frå eit mindre rom for temautstilling.

Tilrettelegging for personar med nedsett syn

Lyspunkt er plassert, og me nyttar kontrastfargar, slik at mest mogleg er lesbart for flest mogleg. Det er diverre ikkje punktskrift eller audiogaid i utstillinga.

Me har nokre element i utstillinga som er taktile, og me har nokre lytte-stasjonar. Våre tilsette gir gjerne ein introduksjon til utstillinga.

Me tillét førarhundar i utstillinga og på arrangement.

Tilrettelegging for personar med nedsett høyrsel

Videoar i utstillinga er teksta, og me har gjort tiltak som gjer at lyd i minst mogleg grad smittar frå eit rom til eit anna. Det er diverre ikkje teleslynge ved Haugesenteret.

Tilrettelegging for personar som er kjenslevare for luft-, lyd- eller lysforstyrringar

Reinhaldsrutinane våre gjer at me held utstillingsareala så frie som råd for støv og pollen. Me bed tilsette og publikum vere varsame med bruk av parfyme og sterke luktar.

Lydelementa må oppsøkjast aktivt, og lyden er ganske avgrensa til dei områda.

Det er enkelte taktile element i utstillinga.

Det er vanleg lyssetting, og ikkje bruk av strobelys eller liknande.

Dyr

Det er tilgang for førarhundar og servicehundar i utstillinga. Me reingjer utstillinga slik at ho er så allergivenleg som råd.

Det er ikkje tilgang for andre dyr innandørs på våre arenaer.

Deltaking i fokusgruppe

Me ønskjer å verte betre på universell utforming. Om du ønskjer å bidra i dette arbeidet ved å gi tilbakemeldingar om korleis me kan gjere det betre: kontakt oss på post@nynorsk.no. Me ønskjer å opprette fokusgrupper for alle utstillingar og arrangement, og der ønskjer me deltakarar med ulike behov.