Arrangement Aasentunet

Oversikt over arrangement i regi av Aasentunet, inkludert arrangement i samband med Festspela. Sjå Opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.

15. oktober
kl. 14.00
AASENTUNET

Spelejenta er eit eventyr om ei synsk, felespelande jente. Spelejenta ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. Ho møter mange utfordringar på vegen, og då blir fela god å ha med.  

Les meir om arrangementet

3. desmber
kl. 14.00
AASENTUNET

Barnekunstutstilling, teaterframsyninga «Monsterbesøk» og juleverkstad

Søndag 3. desember blir det teaterframsyning og juleverkstad i Aasentunet. Du kan også kike på kunstutstillinga vår i Salen, med kunstverk laga av barnehageborn i regionen. Kunstverka hentar inspirasjon frå boka Monsterbesøk.  

Meir informasjon kjem.

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre