Vinjesenteret

Opningstider

Vinjesenteret er stengt i veke 43 og 44! Me er attende med normale opningstider i veke 45.

Vinjesenteret, 1. september–14. juni
Måndag: stengt
Tysdag–fredag: 11.00–15.00
Laurdag: 12.00–17.00
Sundag: stengt

Vinjestoga, 15. juni–15. august
Måndag–fredag: 11.00–15.00
Laurdag og sundag: 11.00–17.00

Vinjesenteret, 15. juni–31. august
Måndag til sundag: 10.00–17.00.

Frå resepsjonen i Vinjesenteret.

Prisar

Vaksen
kr 100
kr 100
Rabattpris
kr 70

Mållaget, Venelaget Vinje, Venelaget Hauge, tilsette/medlemmar i stiftarinstitusjonane

kr 70
Barn/student
Gratis
Gratis

Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.

Grupper må ta kontakt på førehand på telefon 46 70 60 73. 

Tilgjenge og universell utforming

Her finn du oss

Vinjesenteret og Vinjestoga ligg ved E134, mellom Åmot og Haukeligrend, med 1 mil til Åmot og 3 mil til Haukeligrend.

Parkering, tilkomst og inngang

  • Det er stor parkeringsplass rett ved inngangen. Det er ein liten planert grusveg frå parkeringa og til inngangen.
  • Inngangen er lyssett og det er terskelfri inngang.
  • Det er om lag 300 meter å gå frå Vinjesenteret til Vinjestoga på asfalt, grusveg og stil. Sjølve Vinjestoga er diverre ikkje tilrettelagt for rullestolbruk.
  • Det er mogleg å reise til Vinjesenteret med kollektivtrafikk. Haukeliekspressen frå Oslo til Haugesund via Drammen, Notodden og Vinje går forbi Vinjesenteret. Haldeplassen heiter Vinjar, og det er om lag 50 meter å gå til senteret derifrå. Også lokalbussen mellom Haukeli og Åmot stansar på Vinjar.
  • E134 er ganske traffikert og sykkeltilhøva er ikkje særleg gode, men det er mogleg å parkere syklar ved Vinjesenteret.

Billettsal

Billettsalet er i betent resepsjon i Vinjesenteret, og er felles for Vinjesenteret og Vinjestoga. For arrangement kan ein kjøpe billettar på førehand, på denne heimesida, eller på appen e-billett. Ver obs på at billettar for følgjekort (også kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov) må bestillast på e-post eller telefon.

Følgjekort (ofte kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov)

Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på post@nynorsk.no eller telefon 46 29 98 04.

Toalett

Toaletta våre ligg like ved resepsjonen, og det er eige HC-toalett.

Tilrettelegging for personar med nedsett rørsleevne (bevegelsesevne)

Utstillinga i Vinjesenteret er på ei flate, og planlagd med utgangspunkt i rullestolbrukarar.
Det er stolar og andre sitjemøbel i alle rom i utstillinga.

Tilrettelegging for personar med nedsett syn

Lyspunkt er plassert, og me nyttar kontrastfargar, slik at mest mogleg er lesbart for flest mogleg. Det er diverre ikkje punktskrift eller audiogaid i utstillinga.

Me har nokre element i utstillinga som er taktile, og me har nokre lytte-stasjonar. Våre tilsette gir gjerne ein introduksjon til utstillinga.

Me tillét førarhundar i utstillinga og på arrangement.

Tilrettelegging for personar med nedsett høyrsel

Videoar i utstillinga er teksta, og me har gjort tiltak som gjer at lyd i minst mogleg grad smittar frå eit rom til eit anna. Det er diverre ikkje teleslynge ved Vinjesenteret.

Tilrettelegging for personar som er kjenslevare for luft-, lyd- eller lysforstyrringar

Reinhaldsrutinane våre gjer at me held utstillingsareala så frie som råd for støv og pollen. Me bed tilsette og publikum vere varsame med bruk av parfyme og sterke luktar.

Lydelementa må oppsøkjast aktivt, og lyden er ganske avgrensa til dei områda.

Det er enkelte taktile element i utstillinga.

Det er vanleg lyssetting, og ikkje bruk av strobelys eller liknande.

Dyr

Dyr
Det er tilgang for førarhundar og servicehundar i utstillinga. Me reingjer utstillinga slik at ho er så allergivenleg som råd.

Det er ikkje tilgang for andre dyr innandørs på våre arenaer.

Deltaking i fokusgruppe

Me ønskjer å verte betre på universell utforming. Om du ønskjer å bidra i dette arbeidet ved å gi tilbakemeldingar om korleis me kan gjere det betre. Kontakt oss på post@nynorsk.no. Me ønskjer å opprette fokusgrupper for alle utstillingar og arrangement, og der ønskjer me deltakarar med ulike behov.