Nynorsk Forum

Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Forumet drøftar viktige spørsmål om nynorsk i kulturlivet og samfunnet, og kjem med felles prioriteringar til statsbudsjettet kvart år.

Kontakt forumet: nynorsk.forum@nynorsk.no

Retningslinjer for Nynorsk forum, sist endra 14.12.2022


Bakgrunn 
Forumet ble skipa i Oslo 22.1.1997. Då forumet blei skipa hadde det tre mål: 1) utvikle ein dokumentasjonsbase (Nynorsk kvitbok, seinare: Nynorsk faktabok, no: Språkfakta), 2) å oppnå synergieffektar ved å samordne bruk av kompetanse og ressursar i andre, avgrensa enkeltsaker, som det er semje om, 3) å utveksle erfaringar i aktuelle enkeltspørsmål, skape meir innsikt om arbeidsmåtane og tankegangane i dei ulike institusjonane. 

Frå ca. 2002 har koordinerte innspel til kulturbudsjettet vore ei hovudsak for rådet. 

Desse retningslinjene er vedteke av Nynorsk forum 13. juni 2019. Retningslinjene ligg til grunn for arbeidet i Nynorsk forum, og kan endrast når endringane er melde som eiga sak på førehand.  

Føremål 
Nynorsk forum har frå 2022 desse føremåla: 
1.   koordinere innspel, høyringsfråsegner og budsjettprioriteringar, til regjering, storting og dei politiske partia 
2.   utveksle erfaringar i aktuelle enkeltspørsmål og skape meir innsikt om dei ulike institusjonane 
3.   utveksle og samordne bruk av ressursar i avgrensa enkeltsaker det er semje om 
4.   mobilisere for nynorsk skriftkultur
5.   diskutere framtida for nynorsk skriftkultur 

Medlemer 
Bondeungdomslaget i Oslo 
Dag og Tid 
Det Norske Teatret
Det Vestnorske Teateret 
Jærmuseet/ Garborgsenteret  
Kringkastingsringen  
Landssamanslutning av nynorskkommunar 
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget
Nemnda for Norsk Ordbok 
Noregs Mållag 
Noregs Ungdomslag 
Norsk Barneblad 
Norsk Målungdom 
NRK Nynorsk mediesenter  
Nynorsk avissenter
Nynorsk bedriftsforum  
Nynorskfylket Vestland  
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur
Nynorsk pressekontor 
Nynorsksenteret, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa 

Prinsipp 
1.   Ingen som er medlemer per 1.1.2019 blir fråteke medlemskapen 
2.   Organisasjonane har som føremålsparagraf eller strategi å vere organisasjonar som fremmer nynorsk språk, litteratur, skriftkultur eller drive tiltak som fremmer dette 
3.   Organisasjonen eit fast tiltak 
4.   Organisasjonen er nasjonal, gjennom å til dømes ha statleg støtte, nasjonale medlemskriterium eller nasjonalt føremål
5.   Organisasjonen skal vere sjølvstendig, kunne ta avgjerder om politiske standpunkt og deltaking på vegner av dei som dei representerer

Møterett
1. Dei som møter må ha høve til å ta avgjerder på vegner av organisasjonen dei representerer.  
2. Primært møter organisasjonane med styreleiar eller dagleg leiar. Nestleiar, nestkommanderande eller andre tilsette/ styremedlemer kan berre møte om desse har forfall. 

Avgjerd
• Medlemskap vert avgjort etter søknad med konsensus i møte

Sekretariat 
Nynorsk kultursentrum er sekretariat.

Møtefrekvens 
Tre møte i året eller etter behov.

Arbeidsform 
Drøftingane i møta er interne, med mindre anna er sagt.  

Vi driv eit handlingsretta arbeid. Saker som er oppe til drøfting, bør difor handsamast ut frå eit slikt mål. Medlemene står fritt til å melde saker for drøfting eller orientering, eller å samarbeide i mindre forum utanom Nynorsk Forum. Slikt samarbeid bør det informerast om på ordinære møte. 

Vi ønskjer å samordne kva store prosjekt nynorskinstitusjonane prioriterer i arbeidet med dei årlege statsbudsjetta overfor regjering og Stortinget. Slik prioritering føreset at relevant informasjon ligg føre. 

Nynorsk forum som fellesskap legg oss aldri opp i kva dei enkelte medlemene meiner om saker eller korleis dei arbeider.  

På vegner av Nynorsk forum møter sekretæren og andre i høyring om Statsbudsjettet. 

Nynorsk forum er eit samordningsorgan der vedtak blir fatta etter konsensusprinsippet.