Arkiv, bibliotek og samling

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, har fleire privatarkiv, gjenstands- og fotosamlingar og eit eige fag- og forskningsbibliotek.

Biblioteket i Aasentunet.
Biblioteket i Aasentunet. Foto: David Borland

Du kan gjerne spørje om samlingane, avtale tid til å sjå samlingene våre, eller arbeide med forskning hjå oss. Kontaktinformasjon finn du i oversynet over tilsette i seksjon for forsking og samling.

Mange andre institusjonar har relevante samlingar om nynorsk språk og litteratur. Om du ikkje finn det du letar etter hos oss, kan du gjerne søkje på Arkivportalen, Nasjonalbiblioteket og Digitalt museum.

Sjå kva vi har i samlingane våre

Nynorsk kultursentrum arbeider kontinuerleg med å publisere større delar av samlingene våre.

Kontakt oss gjerne på post@nynorsk.no om du er interessert i nokre av samlingene me ikke har publisert eller kontakt relevante tilsette i seksjon for forsking og samling.


Desse samlingane inkluderer

Museum

  • Herbariet etter Ivar Aasen med 509 planter.
  • Fotosamlingar frå blant anna Bodil Cappelen, Odd E. Nerbø, Norsk Målungdom og Norsk Allkunnebok
  • Kulturhistoriske gjenstander, blant anna frå Olav H. Hauge og Norsk Målungdom.

Arkiv

  • Arkiv for norsk målreising (Peder Hovdan-arkivet) utanom protokollenPEIKAR
  • Arkiv for Ivar Aasen-museet (Jens Kåre Engeset-klippa (1990-2000), Historisk arkiv for Ivar Aasen-museet (1938-2000), Arbeidsarkiv John Aage Gjestrum)
  • Arkiv for Ivar Aasen-året 1996
  • Terje Aarset-arkivet
  • Eirik Vandvik-arkivet
  • Brev mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen (134 brev og postkort mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen 1970–1975)
  • Hovdebygda ungdomslag
  • Studentmållaget i Volda 
  • Idar Handagard-samlinga. Samlinga inneheld blant anna originalbrev frå A.O. Vinje
  • Ivar Aasen-manuskript frå Djupedal-samlinga (218 originalmanuskript)
  • Kjell Haugland-arkivet
  • Mållovs-arkivet etter Jon Grepstad 
  • Olav H. Hauge-arkiv (notatbøker, kopiar av brev og avisklipp) 
  • Sissel Marie Skjelten-arkivet 
  • Ein del mindre kopi- og klipparkiv 
  • Minneintervju med ulike kjelder for nynorsk skriftkultur

Bibliotek

Ca. 15 000 bøker i boksamlingene etter Henrik Rytter og Reidar Djupedal (lokalisert i Aasentunet) og Erik Gjestvang (lokalisert i Vinjesenteret)

Nynorsk kultursentrum tek gjerne inn samlingar som kan supplere informasjonen om nynorsk skriftkultur. Me har avgrensa med plass og kapasitet, og må vurdere kvart einskild framlegg, gåve eller innkjøp nøye. Kontakt oss gjerne på post@nynorsk.no og be om ein prat om de har noko de trur me kan vere interesserte i. 

Kanskje kan du tenkje deg å hjelpe oss med samlingane våre? Me er alltid opne for frivillige som til dømes kan tenkje seg å fotografere kvardagsnynorsk, transkribere, ordne og beskrive minneintervju og arkivmateriale frå nynorsk skriftkultur. Kontakt oss på post@nynorsk.no om du er interessert.