Venskapssongen «Kom som du er»

«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk med ein tilhøyrande dans. Songen og dansen eignar seg godt til å øve inn og framføre i lag i klassen eller på skulen.

Her finn de songteksten, tekstvideo med vanleg lydspor, tekstvideo med dempa vokal (til å syngje i lag med), tekstvideo med instrumentalspor, refrenget omsett til teiknspråk og instruksjonsvideoar til venskapsdansen.

Tekst: Synne Vorkinn
Musikk: Synne Vorkinn og Bjørn Helge Gammelsæter
Vokal: Line Dybedal
Koreografi: Trude Hustad Hovdenakk
Teiknspråk: Hilde Østhuus 

«Kom som du er» er eit samarbeidsprosjekt mellom Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret.

Vi ønskjer foto og filmsnuttar frå songen eller dansen i bruk.
Send foto/film, dato, stad og gjerne talet på deltakarar til post@nynorsk.no og merk e-posten med «Venskapssongen». Stadfest at vi har løyve til å bruke film/bilete i sosiale medium og publikasjonar.

«Kom som du er»

«Kom som du er» med dempa vokal

«Kom som du er» instrumentalversjon

«Kom som du er» refrenget omsett til teiknspråk

Venskapsdansen "Kom som du er"