Barn og unge

Vil du kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, eller lage nye dikt i eit heilt eigenutvikla dikthjul?

I utstillinga i Aasentunet finn du ei rekkje installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. Der er mykje å ta på, fleire verkstader og innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små.

Aasentunet har fleire arrangement som er retta mot barn og unge. Innhaldet i kulturprogrammet vekslar mellom blant anna teaterstykke, konsertar, bokformidlingar og forfattarbesøk.

I utstillinga kan du mellom anna utforske eit stereoskop med Aasens eigne bilete. Foto: Kib og Morits

Barnehagetilbod

Ei omvising i Aasentunet byr på språkleik, høgtlesing og vandring i utstillinga. 

Det er også eit veldig fint turområde rundt Aasentunet, der ein kan gå opp til Høgetua. På Høgetua er det utebibliotek med gode, nynorske barnebøker frå mai til oktober.

Matpause
Barna er velkomne til å ete matpakken sin i kafeen, eller sitje ute i sola på fine dagar. 

Vi har fleire ulike omvisingstilbod for barnehagar, og kan lage tilpassa opplegg. Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 eller post@nynorsk.no.

Lesestund på hemsen til Lurivar. Foto: Kib og Morits

Omvisingstilbod for skular

Ei omvising tek utgangspunkt i livet og arbeidet til Ivar Aasen, språkhistorie og nynorsk i dag. Elevane får sjå filmen om Ivar Aasen og besøke utstillingane våre.

Omvisingstilbodet varer i om lag 90 minutt, men vi kan tilpasse lengda på besøket slik de ønskjer det. 

Matpause
Ta gjerne med nistepakke som de kan ete i kafeen eller ute om det er fint ver. Om de vil bestille mat i kafeen, må de gjere dette på førehand.

Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 eller post@nynorsk.no, så skreddarsyr vi eit opplegg for dykkar gruppe.

For prisar sjå Opningstider og prisar.

Tilbodet gjeld alle klassetrinn.