300 000 til turnear

Formidlar Guro Ljone (til venstre) ved Olav H. Hauge senteret er glad endå fleire kan få høve til å oppleve lyrikk på nynorsk det komande året. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Nynorsk kultursentrum får 300 000 kroner meir frå Vestland fylkeskommune i 2020. Med desse midlane kan Olav H. Hauge-senteret nå breiare ut, og formidle lyrikk i mange former frå Stad til Sveio og Finse til Fedje.

– Vestland fylkeskommune syner med dette at dei meiner alvor når dei seier at nynorsk skal skape felles identitet i det nye storfylket, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. I 2019 har publikum i 76 kommunar fått oppleve nynorsk språk og litteratur på over 450 arrangement som Nynorsk kultursentrum formidlar. I tillegg til å drive Olav H. Hauge-senteret og Ulvik poesifestival, driv Nynorsk kultursentrum museum og festivalar i Ørsta og Vinje og det digitale oppslagsverket Allkunne.

– Vi er svært glade for denne julegåva. Med desse ekstra midlane kan Olav H. Hauge-senteret halde fram med å styrkje nynorsk som ein viktig identitetsmarkør for Vestland og formidle lyrikk i ulike former til heile Vestland fylke, seier dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret, Geir Netland.

Maria Fet