Eit godt digitalt år for Nynorsk kultursentrum
I 2020 var det for første gong over 800 000 besøk på nettsidene til Nynorsk kultursentrum. – Eg er glad vi har vore til stades digitalt i eit år der fysisk nærvær har vore vanskeleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Aasentunet i Ørsta, på Haugesenteret i Ulvik og på Vinjesenteret i Vinje, driv fleire nettstader og ein podkast og reiser kvart år rundt i heile landet med utstillingar, arrangement og turnear.
Trass i den utfordrande koronasituasjonen var Nynorsk kultursentrum til stades med utstilling eller arrangement i 54 kommunar i 2020. Blant desse var stiftinga for første gong i Austevoll, Tønsberg og Vennesla. Vandreutstillingane hadde 1115 dagar framsyningsdagar i 2020. Det er nesten 100 dagar meir enn førre rekord – trass ein periode med koronastengde bibliotek.
Unikt innhald på fleire digitale flater
Nynorsk kultursentrum etablerte i 2020 podkasten «Nynorsk no», som blei lasta ned 1485 gonger dette året. Samstundes blei nettstaden nynorsk.no fornya med mykje relevant kulturfagleg innhald.
– Det største digitale utviklingsprosjektet vårt var nettutstillinga «Aleine saman», der ulike kulturfolk laga unike bidrag som dokumenterte koronasituasjonen i 2020. Prosjektet var populært blant publikum, vi fekk gjort viktig dokumentasjon av samtida, og frilansarar fekk oppdrag, seier Sandsmark.
Stor merksemd fekk også 17. mai-helsinga til stiftinga, der «Nordmannen» (Mellom bakkar og berg) blei presentert med ein ny video, rapp og folkekor. Både NRK, TV 2 og VGTV viste videoen med den folkekjære songen i ny drakt. Filmen er framleis tilgjengeleg på YouTube.
I 2020 publiserte Nynorsk kultursentrum 257 nye gjenstandar, 139 kunstverk og 344 fotografi på digitaltmuseum.no.
Nytt i 2020 var også samarbeid med Store norske leksikon om formidling om og på nynorsk på nett.
– Dette fører til at fleire skuleelevar og andre møter nynorsk innan fleire ulike emne. Vi er glade for å samarbeide med andre om å nå breiare ut, seier Sandsmark.
Gode periodar, svakt år for gjestetal
Nynorsk kultursentrum nådde færre fysiske gjester i 2020 enn i 2019. 14 649 opplevde utstillingar og arrangement ved arenaene våre eller på turné. Det er 18 372 færre enn i 2019, noko som kjem av koronarestriksjonane vi opplevde i 2020. Den største nedgangen kom av avlyste festivalar.
– Vi hadde planlagt for omlag 13 000 gjester på festivalane, men berre 1956 fekk oppleve å vere på festival hos Nynorsk kultursentrum i 2020, seier Sandsmark.
Ulvik poesifestival blei utsett til 2021, programmet for Litteraturdagane i Vinje blei fortetta, og Dei nynorske festspela var i hovudsak digitale. Resten av nedgangen kom av at turnear og skule- og barnehagebesøk blei avlyste, og at musea var stengde delar av året.
– Året byrja optimistisk. Dei tre første månadene nådde vi 50 prosent fleire enn på same tid i 2019. Vi hadde også mange avtalar om turnear og arrangement som vi dessverre måtte avlyse, kommenterer Sandsmark.
I tillegg til dei tre første månadene var også juli ein god månad for Nynorsk kultursentrum, med 1808 gjester i Vinjestoga, i Aasentunet og på Haugesenteret. Dette var ei auke på over 60 prosent, samanlikna med fjoråret.
– Vi vonar fleire har sett at Noreg er eit godt ferieland, også når det ikkje er pandemi. Både barn og vaksne er velkomne til gode opplevingar hos oss gjennom heile året, avsluttar Sandsmark.