Sumarsesong på Vinjesenteret

15. juni – 15. august

Omvising i Vinjestoga

Kvar dag fram til 15. august tilbyr me omvising i Vinjestoga, barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje. Omvisarane tek deg med kvar heile time frå kl. 12 til kl. 15.

Fantasihagen

2. klassingar frå Vinje kommune har teikna til bøker av Vegard Markhus, Maria Parr og Kari Stai. Teikningane står utstilt utanfor Vinjesenteret sumaren 2024.

Undreskogen

Biblioteket vårt er denne sumaren gjort om til eit aktivitets- og opplevingsrom for dei minste! Her kan du krabbe, lese, hoppe, leike og leite!

Vinjerevla

I samarbeid med Vinje handverkslag startar me denne sumaren opp prosjekt Vinjerevla i etasjen under Vinjesenteret. Her kan du vere med å formidle forteljinga om Storegut av Aasmund Olavsson Vinje - med nål og tråd!  

Nytt frå Vinjesenteret

Bilete av Kristian Kristensen, Monica Goksøyr og Trygve Riiser Gundersen

Kraftfulle Litteraturdagar 26.–29. september​

Litteraturdagane i Vinje blir arrangert for trettande gong, og tema for årets festival er «kraft». Ord som drivkraft, berekraft og kraftutbygging blir utforska i eit rikhaldig festivalprogram under Litteraturdagane 26.–29. september.

Les meir
Bilete av barnehagebarn som ser på barnekunstutstillinga. eit årleg prosjekt til Nynorsk kultursentrum.

Meir tilgjengelege enn nokon gong

– I eit krevjande år for dei tilsette i Nynorsk kultursentrum er det fantastisk å sjå korleis arbeidet vårt når gjester, brukarar og samarbeidspartnarar i heile Noreg, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.

Les meir