Forfattarmøte med Ruth Lillegraven

Bilete av forfattar Ruth Lillegraven.
Ruth Lillegraven. Foto: Agnete Brun

Gjennom prosjektet «Litteraturhus i Møre og Romsdal» vil Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gi folk i heile fylket gode litteraturopplevingar. Den første turneen startar 2. mars – då skal forfattar Ruth Lillegraven besøkje Volda, Fjord og Stranda kommune.

Turneen er planlagd i samarbeid med biblioteka i dei tre kommunane. Lillegraven skal besøke skuleklasser (kohortar) ved Austefjord, Hornindal, Valldal, Stordal og Stranda skule.

Lillegraven er aktuell med ein ny detektivserie for barn om klima og miljø. I Klodeklubben-serien møter vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet og jaktar på miljøskurkar.

– Eg har stor tru på å kombinere spenning og underhaldning med noko av det viktigaste i verda i dag, nemleg det å ta vare på miljøet og naturen. Eg trur at dyr, natur, klima og framtida for kloden er noko mange ungar er opptekne av, seier Ruth Lillegraven.

Møre og Romsdal har ikkje noko litteraturhus, men mange hus som kan fyllast av litteratur. Utover våren skal fleire kjende namn leggje ut på turné på Sunnmøre, blant anna Tore Renberg, Brit Bildøen, Hilde Myklebust og Gunnar Garfors.

– Som to sterke litteraturformidlarar går vi saman om å gi sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar arrangement og opplevingar der dei bur, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

Prosjektet får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar med regional forankring.

Meir informasjon om prosjektet er tilgjengeleg her og på Facebook-sida Litteraturhus i Møre og Romsdal.

Bøkene i Klodeklubben-serien kan du kjøpe i nettbutikken vår, Handlenett.no.