Overskot for Nynorsk kultursentrum i 2020
Nynorsk kultursentrum gjekk med overskot, trass i stor nedgang i kommersielle inntekter i 2020. – Nynorsk kultursentrum har klart å skape tilbod som fremjar nynorsk skriftkultur lokalt, nasjonalt og digitalt innanfor vanskelege rammer i heile 2020, seier styreleiar Lodve Solholm.
Nynorsk kultursentrum omsette for 33 millionar kroner i 2020 og overførte 226 042 kr til fri eigenkapital. Dei kommersielle inntektene er reduserte med 53 prosent, eller 1,9 millionar kroner, i 2020. Kulturdepartementet, Fritt Ord og Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt ekstratilskot til drift eller prosjekt i samband med pandemien.
– Styret er glade for at tilskotsgivarane har vore rause, forståingsfulle og fleksible. Styret er også glade for at administrasjonen har økonomisk kontroll, disponerer ressursane fornuftig og klarte å skape eit godt sommartilbod til turistar og gode digitale tilbod kvar dag for nynorskbrukarane, seier Lodve Solholm.
Sterkt prega av korona
25 prosent av dei ordinære opningsdagane heldt musea til Nynorsk kultursentrum stengt i 2020 på grunn av pandemirestriksjonar. Poesifestivalen i Ulvik blei utsett til 2021. Litteraturdagane i Vinje og Festspela i Ørsta blei gjennomførte med redusert program.
– Rammevilkåra blei hyppig endra i 2020, og det er framleis usikre rammer for drifta i 2021. Det gjer at vi planlegg for mange ulike scenario. Dette krev mykje av både organisasjonen og samarbeidspartane, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.
For å bidra til å sikre kulturøkonomien i eit utfordrande år kjøpte Nynorsk kultursentrum inn fleire tekstar, bilete og kulturproduksjonar av kunstnarar og andre frilansarar. Nynorsk kultursentrum bidrog med 3,4 millionar kr til slike verksemder i 2020 – ein auke på 650 000 kr frå året før.
– Nynorsk kultursentrum skal vere med på å halde oppe og sikre nyskaping blant alle som driv med kulturformidling på nynorsk, seier Sandsmark.
Betre tilgjengelege samlingar
Fram til 2020 har ikkje Nynorsk kultursentrum prioritert arbeidet med å gjere samlingane digitalt tilgjengelege for alle. Ved nyttår var 257 nye kulturhistoriske gjenstandar, 139 kunstverk og 344 fotografi frå stiftinga tilgjengelege på digitaltmuseum.no.
– Gjennom 2021 og 2022 blir meir av det rikhaldige kulturhistoriske materialet vårt gjort tilgjengeleg digitalt, seier Sandsmark.
Avsetjing til framtidige forpliktingar
Det ordinære resultatet i 2020 var 1 686 042 kr. 1 460 000 kr er sett av til avtalte forpliktingar, slik at den reelle overføringa til eigenkapitalen er på 226 042 kr. Blant dei avtalte forpliktingane er reiser for å byggje nettverk med samiske, kvenske og teiknspråklege museum, opning av Vinjesenteret, vedlikehald av Aasentunet, ny grafisk profil (som blir lansert i løpet av mars månad) og ein avtale om kjøp av opphavsrettsleg materiale. Avtalane var gjort i 2020, og fleire av desse prosjekta er utsette i tid på grunn av koronarestriksjonar.
Les årsmeldinga for 2020 i sin heilskap her.