Kronprinsesse Mette-Marit blir beskyttar for Nynorsk kultursentrum
Nynorsk kultursentrum fekk sist veke den gledelege meldinga om at Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit gjerne vil vere beskyttar for stiftinga.
– Vi er svært glade for at kronprinsessa viser denne interessa for stiftinga gjennom beskyttarskapen sin. Det er ærefullt at kongefamilien vil heidre nynorsk skriftkultur på denne måten, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.
Ordninga med kongeleg beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.
– Kronprinsessa er eit førebilete med si genuine interesse for litteratur, og anerkjenninga hennar er ein stor inspirasjon for oss, seier administrasjonssjef Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum har som føremål å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga gjer dette gjennom arrangement, utstillingar, forsking, dokumentasjon og fysisk og digital formidling over heile landet, i tillegg til nasjonalt og internasjonalt samarbeid med andre språk- og litteraturinstitusjonar. Stiftinga forvaltar både ein viktig del av den felles nasjonale kulturarven og ein del av det moderne kulturelle mangfaldet i Noreg.
– Kongefamilien har ved fleire høve besøkt musea og festivalane våre. Vi har tru på at ein beskyttarskap kan bidra til å styrkje nynorsk skriftkultur som ein del av norsk kulturarv og samfunnsliv, seier styreleiar Lodve Solholm.