Ivar Aasen-samlinga
Ivar Aasen, 1896, Aasentunet
Samlinga frå dødsbuet etter Ivar Aasen (1813-1896) kom til Aasen-garden i desember 1896, var plassert i den nye Ivar Aasen-stova frå 1898, blei flytta til det nye Steinhuset same stad i 1946 og til nybygget i 2000.
Aasen-samlinga blei overført frå Sunnmøre museum til Nynorsk kultursentrum i 2014.
Samlinga består av 226 registrerte gjenstandar.
Store delar av samlinga er stilt ut i Aasentunet. Gjenstandane i samlinga finn du også på Digitalt museum.