Jublar for språkdelt ungdomsskule, uroleg for manglande digitale læremiddel på nynorsk
Regjeringa er historiske når dei går inn for å gje elevar rett til å gå i eiga nynorskklasse ut ungdomsskulen i framlegget til ny opplæringslov, men dei tek ikkje nye grep for å sikre at digitale læremiddel kjem på nynorsk. – Opplæringslova er ei viktig språklov, og regjeringa burde gjere meir for å sikre læremiddel på nynorsk, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm.
– Det er strålande og historisk at regjeringa går inn for å innføre språkdelt ungdomsskule, som vil gjere det lettare for nynorskelevar der dei er i mindretal å verte trygge språkbrukarar, seier Solholm. Formuleringane frå regjeringa opnar likevel for mange smotthol i lovverket, som i praksis kan føre til at nynorskelevane ikkje får like god språkopplæring som bokmålselevane.
Dei siste åra har lærarar og elevar merka kor vanskeleg det er å få tak i digitale læremiddel og kontorstøtteprogram på nynorsk. Seinast i februar gjekk 108 ordførarar og fylkesordførarar ut med eit opprop for å få Google-program på nynorsk, og kvart år ved skulestart er det mediesaker om nynorskelevar som ikkje får lærebøker på opplæringsspråket sitt. – Regjeringa skuffar når dei ikkje tek tak i problemet i framlegget sitt til opplæringslov. Her må det kome meir forpliktande formuleringar og tiltak som sikrar læremiddel på begge skriftspråka til same tid og same pris, meiner Solholm.
Nynorsk kultursentrum er likevel svært glad for at framlegget til opplæringslov på mange område er ei god oppfølging av språklova som kom i vår. I føremålet til språklova blir det offentlege pålagt å fremje nynorsk, sidan det er det minst brukte skriftspråket.
– Det er også gledeleg at regjeringa vil halde fram med den demokratiske ordninga med rådgivande folkerøysting før opplæringsspråket på ein skule blir endra, at dei vil presisere i lova at opplæringsspråket er norsk, samisk eller norsk teiknspråk, og at dei vil vidareføre regelen om at elevane og lærarane sjølve vel kva talemål dei vil bruke, seier Gaute Øvereng, fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum.