10 000 leksikonartiklar på nynorsk
Artikkelen «klimaflyktning» er nynorskartikkel nummer 10 000 i Store norske leksikon (SNL). Artikkelen blei nyleg flytta over frå Allkunne, og markerer ein viktig milepåle i samarbeidet mellom Nynorsk kultursentrum og SNL om meir nynorskinnhald i det nettbaserte leksikonet.
I 2020 gjekk Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon (SNL) saman om eit strategisk samarbeid for å få meir nynorskinnhald i SNL. Store norske leksikon tok over innhaldet i det nynorske nettleksikonet Allkunne frå 2021.
– Den langsiktige samarbeidsavtalen sikrar ein vesentleg auke i nynorskdelen i Store norske leksikon òg at artiklane i SNL omtalar den nynorske kulturhistoria. På berre halvanna år har Store norske leksikon gått frå 3000 til 10 000 nynorskartiklar, seier Gaute Øvereng, fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum.
Også lesartala på nynorskinnhald går raskt oppover. Allereie i juni passerte Store norske leksikon fjorårets tal på lesne nynorskartiklar både på snl.no og allkunne.no.
– Bakgrunnen for samarbeidet er å styrkje kunnskapsformidling på begge dei norske språka og å styrkje norsk fagspråk. Samarbeidet gjer at fleire lesarar får tilgang til viktig innhald på nynorsk og om nynorsk kulturhistorie, seier Øvereng.
Det er no nynorskartiklar i alle hovudkategoriane i Store norske leksikon, og fleire av dei mest lesne artiklane er omsette til nynorsk. I tillegg til artiklar frå Allkunne som er flytta til SNL er det omsett fleire tusen artiklar, og SNL har publisert over 5000 nynorskartiklar om førenamn. Arbeidet med å flytte over artiklar frå Allkunne til SNL held fram gjennom året og neste år. Alle artiklane blir gått gjennom, redigerte, oppdaterte og i mange tilfelle samskrive med eksisterande artiklar i SNL.
Som del av satsinga blir lesinga av artiklar før og etter omsetjing undersøkt. Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet er i gang med eit forskingsprosjekt for å sjå på korleis målform verkar inn på lesinga av artiklane. Førebels ser det ut til at lesinga held seg relativt stabil. Leksikonbrukarane les altså like gjerne ein artikkel på nynorsk som på bokmål.
På snl.no kan du lese artikkelen om klimaflyktning og tusenvis av andre artiklar på både nynorsk og bokmål.