Norsk-latvisk språksamarbeid
Gjennom eit arbeidsseminar i Ørsta har Nynorsk kultursentrum og den latviske organisasjonen House of Languages/Valodu muzejs lagt grunnlaget for eit toårig samarbeidsprosjekt om språk, med fokus på nynorsk og latgalisk.
Prosjektet har fått EØS-midlar og intensjonen bak initiativet er å forsterke samarbeid på tvers av landegrenser og dele erfaringar mellom kultur- og utdanningsinstitusjonar med hovudfokus på språk og rolla til språk i samfunnet. Resultatet skal verte ei samanliknande studie på den sosiolingvistiske situasjonen til nynorsk og latgalisk, som er eit minoritetsspråk i Latvia. Studien skal leggje grunnlaget for éi digital og éi fysisk utstilling, som mellom anna vil fokusere på historie og trendar i dag i dei to fleirspråklege samfunna.
I tråd med strategi om synleg språkleg mangfald
– Dette er eit veldig spennande samarbeid. Desse to språka har ulik status og vert brukt på ulike måtar, men står likevel overfor mange like utfordringar. Eg trur vi kan lære mykje av kvarandre i denne prosessen, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum.
Ho peikar på at satsinga også er i tråd med Nynorsk kultursentrums strategi som mellom anna fokuserer på å gjere det språklege mangfaldet i verda synleg.
– Dette skal gjerast gjennom samarbeid mellom dei europeisk språklege mindretala om tiltak og metodar for å ta vare på og styrkje det språklege mangfaldet, og gjennom at språkmusea i verda samarbeider om å utveksle kunnskap om språk og språkformidling, seier ho.
Gler seg til å utveksle erfaringar
Prosjektleiar Elīna Kokareviča ved House of Languages/Valodu muzejs er svært nøgd med Nynorsk kultursentrum som ny partnar. Dei vil også bruke erfaringa til å etablere eit språkmuseum i Riga på sikt.
– Nynorsk kultursentrum er ein solid institusjon med brei erfaring innan bevaring og formidling av nynorsk språk og skriftkultur. Vi vonar dette vert eit nyttig prosjekt for begge partar, vi gler oss til eit spennande samarbeid og ikkje minst til å utveksle erfaringar med vår norske partnar, seier Kokareviča.
I løpet av prosjektet skal medarbeidarar frå Nynorsk kultursentrum også på besøk til samarbeidspartnarane i Riga.
Prosjektet «Exhibition on Latgalian and Nynorsk: cooperation and experience creating modern digital solutions» er finansiert av fondet for bilaterale relasjonar mellom EØS og Noreg 2014-2021. #EEANorwayGrants.