Hurdalsplattforma legg eit godt grunnlag for ein betre nynorskpolitikk

Hurdalsplattforma kan vere med på å betre vilkåra for nynorsk og nynorskbrukarane i åra som kjem, men mange av dei gode målsetnadane må bli konkrete tiltak for at det skal bli lettare å vere nynorskbrukar.

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum la i dag fram ei regjeringsplattform med mykje offensiv språkpolitikk. 

– Hurdalsplattforma er av dei regjeringsplattformene i nyare tid som har mest språkpolitikk generelt og nynorskpolitikk spesielt. Her er det ambisjonar som forpliktar, og som legg grunnlaget for å følgje opp språklova som Senterpartiet og Arbeidarpartiet var med å vedta for kort tid sidan, seier Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum ser at desse partia har blitt meir offensive i språkpolitikken sidan sist dei var i regjering. 

– Det er særleg gledeleg at den påtroppande regjeringa vil lovfeste retten til eigne nynorskklassar på ungdomsskulen i språkdelte område, sikre nynorskelevane læremiddel på eige skriftspråk og at dei vil fremje nynorsk sidan det er det minst brukte skriftspråket, seier Gaute Øvereng, fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum.

Krev konkrete tiltak om fagspråk og digitale læremiddel

Det er likevel mange overordna målsetnadar som må konkretiserast i seinare saker og vedtak. 

– Det er sentralt for framtida til norsk språk at regjeringa vil ha ein aktiv språkpolitikk. Eit døme er at dei vil løfte norsk språk i forsking og høgare utdanning der fagspråket er under press. Men dette er òg eit saksfelt som må følgast opp med konkret politikk og prioriteringar i stasbudsjett og andre politiske vedtak, held Solholm fram.


– Eit anna er at regjeringa bør sørge for at nynorskelevane også får både digitale læremiddel, kontorstøtteprogram og hjelpemiddel på skriftspråket sitt.

Fleire lovande kulturpolitiske tiltak

I tillegg til lovande ein språkpolitikk lovar også den nye regjeringa fleire gode kulturpolitiske tiltak. 

– Styrking av litteraturformidlinga, at Den kulturelle spaserstokken skal tilbake på statsbudsjettet og tilrettelegging for fleire kulturarbeidsplassar og kulturelle kompetansemiljø i heile landet er lovande. Vi vil minne om at det er viktig å ha med seg nynorsk i tankane når desse tiltaka skal gjennomførast, seier Lodve Solholm.

At 25 prosent av plattforma er på nynorsk er ei viktig symbolsk handling frå den påtroppande regjeringa. 

– Om vi ser på regjeringserklæringane i nyare tid, har desse nesten berre kome på bokmål. Unntaket Granavold-platforma, som etterkvart kom i både nynorsk- og bokmålsutgåver, seier Solholm.

– Slik syner Senterpartiet og Arbeidarpartiet ei gledeleg vilje til nynorsk, som forpliktar både når det gjeld den praktiske språkbruken i departementa dei skal styre og den konkrete språkpoltikken dei utformar i tida framover, avsluttar styreleiaren.

For meir informasjon:
Fungerande direktør Gaute Øvereng, 47 33 41 44