Lyrikkseminar om grensa mellom menneske, natur og ting
Nettverket for poetisk tenking gjennomførte sitt fjerde forskingsseminar på Haugesenteret i Ulvik, 21.–22. oktober.
Nettverket for poetisk tenking er eit samarbeidsprosjekt mellom Nynorsk kultursentrum og enkeltforskarar frå nordiske universitet og høgskular, frilansarar og poetar, som blei starta i 2015.
Under årets seminar kunne om lag 20 publikum og deltakarar mellom anna høyre om samisk poesi og joik, Alf Prøysens barneviser, såkalla tingdikt, dikt om den raudlista albatrossen, samanhengen mellom den eksotiske Bjørnøya og Tor Ulvens dikting.
– I dette forumet får vi drøfta diktlesingar med forskarkollegaer frå ulike institusjonar. Vi får gode tilbakemeldingar på arbeidsforma og har lærerike diskusjonar under seminaret. Vi har tidlegare utvikla tekstane og publisert som artikkelsamling etter seminaret, og det har vi planar om også i 2022, seier Stein A. Hevrøy, konservator i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum vil vidareutvikle samarbeidet på tvers av kunnskaps- og kulturinstitusjonar gjennom nettverket.
– Vi ønsker å styrke kunnskapen om lyrikk og lyrikkens rolle gjennom fagleg debatt, publikasjonar og kunnskapsrik formidling, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur.
Innleiarane var Eirik Vassenden (UiB), Fredrik Parelius (UiB), Silje Solheim Karlsen (UiT), Ole Karlsen (HINN), Ingrid Nielsen (UiS), Margit Ims (Høgskulen i Bø), Janike Kampevold Larsen (AHO), Elin Stengrundet (Høgskulen på Vestlandet) og Stein A. Hevrøy (Nynorsk kultursentrum).