Over 200 barn var med og opna årets barnekunstutstilling i Aasentunet
Heile 18 barnehagar og nærmare 300 barn frå Ørsta, Volda, Stad, Stryn og Ulstein kommunar har bidrege med kunst til årets barnekunstutstilling i Aasentunet. I løpet av den første veka i advent har dei fleste av desse barnehagane vore på besøk i tunet for å vere med på opninga av utstillinga.
– Det er veldig kjekt å få samla så mykje fin barnekunst her i Aasentunet, og spesielt kjekt er det sjølvsagt når dei små kunstnarane kjem på besøk, seier Ida Karin Aarflot Kornberg, formidlar ved Aasentunet.
Under opninga av utstillinga blei det både lesestund og snorklipping – og barna fekk tid til å gå rundt å sjå på alle kunstverka som i år var inspirert av boka Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal.
Avslutningsvis blei det servering av pølser og varm saft, i ekte Pølsetjuven-ånd.
Familiedag
Søndag 5. desember vert det familiedag i Aasentunet. Denne dagen får barna mellom anna høve til å vise fram kunsten sin til familie og vener. Forfattar og illustratør av Pølsetjuven kjem også for å lese og teikne saman med barna.