Opningstale av Mette Moestrup
Mette Moestrup heldt opningstalen under Poesifestivalen 2021.
Danske Mette Moestrup debuterte med Tatoveringer i 1998. I 2019 kom den sjette diktsamlinga, Til den smukkeste: 117 digte, utgitt på norsk Til den skjønneste i 2020. Moestrup er ein av dei fremste nordiske samtidspoetane og samfunnsdebattantane våre, kjend for nyskapande poesi og ein performativ opplesingsstil. Moestrup har vunne ei rekkje prisar for forfattarskapen sin og er redaksjonsmedlem i Forfatternes klimaaksjon. Ho er invitert til å halde opningstalen med utgangspunkt i festivaltema – Naturtap, og Olav H. Hauge sitt dikt Me trudde verdi her er til for oss.
Heile talen finn du på nynorsk.no, eller gå direkte til talen her (PDF-fil).