Fekk med seg 25-årsjubileum på undretur i Aasentunet
Lurivar-klubben ved Dalane barnehage i Ørsta la undreturen sin til Aasentunet. Der gjorde dei ei spennande oppdaging.
På undreturen sin kunne Lurivar-klubben rekne seg fram til at var 25 år sidan grunnsteinen til Aasentunet var lagt ned, akkurat den dagen dei var på besøk.
– Statsråd Åse Kleveland la ned grunnsteinen for Ivar Aasen-tunet 15. september 1996, las dei vaksne frå steinen og tenkte høgt:
– Kva dato er det i dag, er det ikkje 15. september? Og 96, det er no 24-25 år sidan det.
Konklusjonen blei at dei hadde oppdaga eit 25 års-jubileum.
– Dette er ein grunn til å feire, jubla Lurivar-klubben.
Det er borna som nyleg har starta sitt siste år i barnehagen som utgjer Lurivar-klubben, som for øvrig har henta namnet sitt frå Nynorsk kultursentrum og Aasentunet sin eigen formidlingsfigur, tunkatten Lurivar.