Feirar gjenopning med festspelslepp
Aasentunet inviterer til Festspela 9.-12. juni med festspeldiktar Aina Basso og konsertar med Eva Weel Skram og Stein Torleif Bjella.
– I år satsar vi på å igjen kunne fylle uteamfiet i Aasentunet med feststemte gjester, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik. Med digital festival i 2020 og strenge smittevernrestriksjonar i 2021 er både forfattarar, musikarar, tilsette og frivillige klare for ein skikkeleg festival igjen.
Tilsette i Aasentunet jobbar kvar dag med å gjere ferdig årets festivalprogram og gler seg til å offentleggjere alt seinare i vår. Frå før er det kjend at festspeldiktar Aina Basso får ei viktig rolle og gler seg til å møte både unge og vaksne festivalgjester. I tillegg kan Aasentunet allereie no presentere fleire artistar og bidragsytarar.
Konsertar i uteamfiet
Laurdag 11. juni kjem Eva Weel Skram til uteamfiet. Med låtar som «Selmas sang» og «Om du vil» har ho blitt ein av dei mest kjende artistane i landet. Dagen etter, som ein del av Ivar Aasen-stemnet 12. juni, kjem Stein Torleif Bjella for å halde ein fengslande og spennande solokonsert. Han er også aktuell med romanen Fiskehuset og skal vere med på boksamtale om boka.
– Med så sterke utøvarar er vi allereie sikra ekte festivalstemning, seier Øyehaug Opsvik.
Ivar Aasen-minneforedraget
Til å halde årets minneforedrag har Aasentunet invitert professor i sosialantropologi Thomas Hylland-Eriksen. Hylland-Eriksen er ein engasjert deltakar i det offentlege ordskiftet, og er særleg oppteken av mangfaldstema som til dømes språktap.
– Sosialantropologi handlar mykje om perspektiv. Hylland-Eriksen har eit annleis blikk på språkleg mangfald og den norske språksituasjonen, samstundes som han har eit spennande syn på kva det vil seie å vere norsk i dag. Eg er spent på kva han har å fortelje! seier arenaleiaren.
Festspela går føre seg i Aasentunet og andre stader i Ørsta, Volda og på Søre Sunnmøre 9.-12. juni. Festspelpass og billettar er tilgjengelege på nynorsk.no.