Har starta jakta på frivillige til Festspela
– Å vere frivillig under Festspela er ei unik anledning til å knyte nye kontaktar og dele gode kulturopplevingar med andre, seier Oddny Nupen Aarflot, frivilligansvarleg for Festspela 2022.
9.–12. juni er det endeleg tid for Festspela att, og for første gong på tre år vert festivalen arrangert heilt utan restriksjonar. Då er det også behov for frivillige, og arrangørane lovar gode opplevingar til dei som melder seg.
– No når vi endeleg kan køyre på med fullskala festival, treng vi fleire kjekke frivillige til å hjelpe oss. Dette er kjekt og sosialt arbeid, og ei unik moglegheit til å sjå kva som rører seg bak kulissene gjennom ein festival, seier Nupen Aarflot og oppmodar interesserte til å ta kontakt på e-post eller telefon.
Dei som melder seg som frivillige vil i hovudsak stå for utøvartransport, billettkontroll, rydding, vakthald og parkering. Det er også behov for minst ein frivillig med minibuss-sertifikat.
Mange frivillig-goder
Dei frivillige under Festspela får fribillettar som dei kan nytte når dei ikkje har festivalvakt.
– Alle som jobbar frivillig får høve til å vere på konsertane i uteamfiet. I år er det mellom anna Eva Weel Skram og Stein Torleif Bjella som spelar der. Om det er ledige plassar på dei andre arrangementa får dei frivillige høve til å delta der også, seier Olav Opsvik, arenaleiar i Aasentunet.
Likt med tidlegare år får dei frivillige også god festivalmat når dei er på jobb, i tillegg til t-skjorte og invitasjon til frivillig-fest med mat og drikke til hausten. Både Opsvik og Nupen Aarflot ønskjer å takke dei som stiller opp som frivillige år etter år, samstundes som dei ser fram til å ta i mot heilt nye frivillige i alle aldrar.
– Dei frivillige er verkeleg med på å gjere Festspela til ei god oppleving for både utøvarar og publikum, seier Opsvik.
Som eit ekstra gode vert alle frivillige under Festspela automatisk med i trekninga av to billettar til ei valfri framsyning på Det Norske Teatret.