Gaute Eiterjord er Årets nynorskbrukar
Nynorsk kultursentrum deler ut prisen for Årets nynorskbrukar til miljøaktivist og forfattar Gaute Eiterjord for å setje dagsordenen i klimasaka på nynorsk. Prisen vert delt ut under Festspela 9. juni i Aasentunet.
Gaute Eiterjord (f. 1995 i Stavanger) er klimaforkjempar, naturvernar, tidlegare leiar i Natur og Ungdom og forfattar av boka Klimaopprøret. Han var ein av dirigentane bak skule-streikane og klimasøksmålet mot staten. I 2019 tok han på vegner av Natur og Ungdom imot Fritt Ords pris i lag med Greta Thunberg for arbeidet deira med å gjere miljøkampen handlingsretta. – Dette var jysla stas! Det tok litt tid å innsjå, men no er eg ganske overvelda, skreiv Eiterjord til Nynorsk kultursentrum etter å ha fått melding om prisen.
– Vi gler oss til å ta imot Eiterjord under Festspela, og eit eige arrangement med prisvinnaren er under planlegging, seier fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.
– Klimasaka er viktig for både oss og resten av verda. Vi treng ein terminologi for å omtale verda rundt oss på vårt eige språk, og dette bidreg Eiterjord til med å skrive om klima på nynorsk, både gjennom bokutgjevinga og i sosiale medium. Eiterjord bidreg i den offentlege debatten og jobbar for å påverke gjennom ytringar, engasjement og kunnskapsformidling. Dette er grunnleggjande verdiar som er viktige i eit velfungerande demokrati, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.
Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar kvart år.
Tidlegare vinnarar inkluderer mellom anna Bergen kommune, Kari Traa og Maria Parr.