Luftakrobatikk, dans og musikk i Aasentunet
Komande laurdag, 30. april kl. 13 inviterer Aledre til ei gratis øvingsframsyning med luftakrobatikk, dans og musikk ute i Aasentunet.
Framsyninga utforskar treet sine ulike dimensjonar og heidrar det som samlingspunkt i lokalsamfunnet gjennom generasjonar.
Aeldre er ei skandinavisk gruppe med luftakrobatar, dansarar og musikarar. Karoline Aamås, opphavleg frå Mork, er ein av to luftakrobatar.
– Vi sparkar i gang utesesongen i Aasentunet med framsyninga til Aeldre, som viser noko heilt nytt som vi ikkje har sett i tunet tidlegare. Eg håper fleire vi ta turen for å få med seg dette, for dette blir spennande! seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik. Framsyninga, som skal ha offisiell premiere i Riga i juni 2022, fungerer godt for både barnefamiliar, vaksne og eldre.