Lesedigg.no skal hjelpa barn å finna kjekke bøker

Torsdag opna den nye nettstaden Lesedigg.no på Festspela. Nettstaden skal gjera det enklare for barn å finna kjekke bøker.

Elevar frå Hovden skule og Velle skule framfor den nye nettsida lesedigg.no.
Elevar frå Hovden skule og Velle skule framfor den nye nettsida lesedigg.no. Foto: Benedikte Flataker/Nynorsk kultursentrum

Med bruk av emojiar og mange andre søkefunksjonar, lar Lesedigg.no brukarane søka seg fram til bøker som passar akkurat for dei.

– Målet er å få fleire til å lesa og gjera litteraturen lettare tilgjengeleg for barn, seier redaktør for Framtida Junior og dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskommunar (LNK), Svein Olav B. Langåker.

Torsdag blei Lesedigg.no opna i Aasentunet saman med festivalforfattar Aina Basso og elevar frå Hovden skule, Velle skule og Hornindal skule.

God hjelp
Runa Follestad (11), Elise Haugen Standal (11) og Eline Øye Færøy (11) frå Hovden skule trur Lesedigg.no kan hjelpa dei å finna kjekke bøker å lesa på biblioteket.

– Det er litt vanskeleg å finna fram blant bøkene i biblioteket, seier Elise Haugen Standal.

Ingen av dei pleier å spørja om hjelp når dei er på biblioteket, og vedgår at dei er litt for sjenerte til å spørja.

Runa Follestad (11), Elise Haugen Standal (11) og Eline Øye Færøy (11) frå Hovden skule trur Le-sedigg.no kan hjelpa dei å finna kjekke bøker å lesa på biblioteket.
Runa Follestad (11), Elise Haugen Standal (11) og Eline Øye Færøy (11) frå Hovden skule trur Le-sedigg.no kan hjelpa dei å finna kjekke bøker å lesa på biblioteket. Foto: Benedikte Flataker/Nynorsk kultursentrum

Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med råd og innspel undervegs i utviklinga av Lesedigg.

– Det har blitt veldig bra, seier Filip Lups i femteklasse på Sagvåg skule. Saman med fleire andre elevar har han kome med råd til korleis Lesedigg skal sjå ut og fungera.

Stort samarbeid
Lesedigg samlar bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior.

– Nettstaden vil vera eit nyttig bidrag til biblioteka sitt formidlingsoppdrag for å nå ut til mange barn og unge, og skal lett kunna takast i bruk både heime og av skule- og folkebibliotek, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum.

Lesedigg er laga slik at innhaldet lett kan integrerast på nettsidene til folkebibliotek, skulebibliotek og andre nettstader.

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida Junior.

Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med tilbakemeldingar undervegs i utviklingsprosessen.

St
øtta av Nasjonalbiblioteket
Lesedigg samlar tilrettelagt innhald frå mellom anna Framtida Junior, Nynorskbok.no og Tunkatten.no. Nettstaden har også med utdrag frå fleire av bøkene som blir omtala.

Nasjonalbiblioteket har støtta utviklinga av Lesedigg. Lesedigg blir drifta av Framtida Junior. Nettstaden deira hadde over 137.000 brukarar i fjor.

– Me ønskjer å bruka plattformen vår til å hjelpa barn og unge mellom 7-13 år å finna bøker som passar for dei og inspirera dei til å lesa, seier Langåker.