Seminar om Olav H. Hauge
Haugesenteret i Ulvik 8.-9. september 2023
I 2024 er det 30 år sidan Olav H. Hauge døydde, og sjølv om forfattarskapen hans framleis er levande både som formidlings- og forskingsobjekt, er det faktisk like lenge sidan Tunn is, den siste reine forskningsantologien om Olav H. Hauge vart gjeven ut.
Forskingsnettverket for poetisk tenking meiner dette er eit godt påskot for å arrangere eit nytt seminar om Olav H. Hauges forfattarskap, med sikte på bokutgjeving i 2024. Seminaret vil finne stad i Haugesenteret i Ulvik 8.–9. september 2023.
Fredag 8. september
11.00-11.45 Idar Stegane: Olav H. Hauge og Norrøn tradisjon (manus blir delt ut for diskusjon).
11.45-12.30 Ole Karlsen: Olav H. Hauges lakonisme. Nokre døme.
12.30-13.15 Fredrik Parelius: Bergets innside, folketro og galskap.
13.15-14.00 Lunsj
14.00-14.45 Ingrid Nielsen: Olav H. Hauges poetiske rom.
14.45-15.30 Erling Aadland: Ensomhetens stemning, arbeid og stolt ydmykhet.
15.30-16.15 Sigrid Sandemose: Trolldom, det sublime og Haugtussa.
Laurdag 9. september
09.00-09.45 Torgeir Skorgen: ‘Teikn er me, utan meining’: Om krig og verdslitteratur ut frå Hölderlin og Hauge.
09.45-10.30 Ingrid Beate Hestvik Skjerdal: «Plukka månar (…) sløkkje stjernor» – himmel-lekamar hos Olav H. Hauge.
10.30-11.15 Hadle Oftedal Andersen: «I hagen». Seljefløyta, Verlaine og parnassianismen.
11.30-12.15 Lunsj
12.15-13.00 Stein Arnold Hevrøy: Marginalia i Olav H. Hauges boksamling
13.00-13.45 Helen Zhang: Translesing. Olav H. Hauges T’ao Ch’ien
13.45-14.00 Pause
14.00-14.45 Magne Drangeid: «Det blei jo faktisk litt bra til slutt, då»: Fyrsteårs lærarstudentar les og diskuterer Hauge-dikt
14.45.-15.30 Henrik Indregaard: Gullhanen lest i lys av Aukrusts visjonsdiktning