Kva er ei ordbok?
I 1873 gav Ivar Aasen ut Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Denne har vore omtala som det viktigaste grunnlaget for ordboksvitskapen i Noreg, og mange ordbøker har kome til etter dette store nybrotsarbeidet. Men kva er eigentleg ei ordbok, og korleis blir ho til? Kvifor treng me ordbøker, og korleis funkar dei i vår digitale verd? Og er det greitt å brenne ordbøker?
Vandreutstillinga Kva er ei ordbok? er laga i samband med 150-årsjubileet for Ivar Aasen si ordbok. Utstillinga handlar i hovudsak om éinspråklege ordbøker for norsk, både bokmål og nynorsk, og vitskapleg dokumentasjon av språk. Utstillinga inneheld informasjon om kva ei ordbok er, kven som lagar ho, korleis digitale ordbokverk vert til og fungerer, og mykje meir.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur og Universitetsbiblioteket i Bergen og er støtta av Høgskulen i Volda og Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Utstillinga blei laga for Universitetsbiblioteket i Bergen våren 2023 og etterpå gjord om til ei vandreutstilling.
Vandreutstillinga er produsert av Nynorsk kultursentrum på bakgrunn av utstillinga i Bergen.
Takk til elevar og lærarar ved Firda, Skeisvang og Knarvik vidaregåande skular for deltaking i målgruppeundersøkinga vår og Universitet i Bergen for samarbeidet.
Ordbokoppslaga i utstillinga er henta frå Nynorskordboka og Bokmålsordboka på ordbøkene.no. Språkrådet og Universitetet i Bergen står bak Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
Råd og rettleiing til lånarar av utstillinga
Utstillinga er sett saman av tre ulike stativ som enkelt setjast saman ved hjelp av monteringsrettleiinga som ligg ved. To av desse inneheld ein faktadel med banner som du kan trekke oppover eller nedover på stativet for å lese. Det tredje stativet skal du henge opp plansjar med ulike forundringselement som syner fram smakebitar av språkmaterialet i Språksamlingane ved Universitetet i Bergen.
Dei tre stativa som utgjer utstillinga kan anten setjast opp samla i lokalet eller setjast fram kvar for seg. Du kan gjerne stille ut ordbøker, ordlister og leksikon ved sidan av utstillinga. Utstillinga inneheld QR-kodar som kan skannast for å nå ulike ordboksnettstadar. Du kan òg setje fram ein PC som publikum kan nytte for å søkje i ordbøker på nett.
Pris:
Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.
Eignar seg for:
Bibliotek, skular, bokhandlar, museum og kulturhus
Praktisk:
Utstillinga er sett saman av tre ulike stativ som enkelt setjast saman ved hjelp av den vedlagde monteringsrettleiinga. To av desse inneheld banner (same material som vert nytta i rullebanner) som ein kan trekke oppover eller nedover på stativet for å lese innhaldet. Det tredje stativet inneheld plansjar med ulike forundringselement som utgjer forarbeidet til ordbøkene.
Storleik (ferdig montert):
H 155 cm x B 60 cm x D 53 cm
Vekt:
12,5 kg
Frakt:
Kan sendast i Noregspakke-format (pakken vil vere L 90 cm x B 32 cm x H 15 cm)
Kontakt:
For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no
Produsert av
Kurator:
Fredrik Hope og Stine Stennes Hovdenakk ved Nynorsk kultursentrum
Samarbeidspartnarar:
Seksjon for spesialsamlingar ved Gina Dahl, Sverre Fekjan, Morten Heiselberg, Jo Hjelle, Kristin Synnøve Kjos, Olaf Knarvik, Arne Skjævesland, Terje Svardal og Synnøve Marie Vik, og fagkonsulentane Oddrun Grønvik og Johan Myking.
Designprofil og formgjeving:
Overhaus
Korrektur:
Språkverkstaden
Trykk:
Print Sentralen