Nynorsk som scenespråk
7. juni, kl. 11.15, Peisestova, Møre folkehøgskule
Kva, kvifor og korleis bruke nynorsk som scenespråk? Kva er det nynorske språket sin estetiske eller materielle dimensjon i dag? Og for kven? Nettopp dette vert tema når Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret) samtalar med Inger Johanne Sæterbakk (Det Norske Teatret), Samir Madad («Blindsone») og Jon Werede Hope (Den Mangfaldige Scenen).